Vil løfte ungdommens mentale helse

Onsdag 22. februar er alle føresette til ungdommane i 7 - 10 klasse ved Ølen skule invitert til foredrag om mental helse. Foreldreutvalet legg vekt på at arrangementet er ope for alle som er engasjert i ungdommane sin kvardag.

FAU ved ungdomsskulen i Ølen håpar alle som er engasjerte i ungdommane sin kvardag kjem på arrangementet Venn1 førstkomande onsdag. (Foto: Økland Foto)

Det er Mental Helse som står bak arrangementet Venn1 som går av stabelen på Sjøperlo, Ølen Kulturhus kl. 18.30  på onsdag. Mange lokale bedrifter støttar opp om arrangementet der ein ynskjer å setje fokus på korleis ungdommane eigentleg har det, og kva ein kan gjere for å styrke den mentale helsa hjå dei unge. 

Tema ein er innom denne kvelden er blant anna kva psykisk helse er, korleis ein kan vere aktiv lyttande og skape ein open dialog med ungdom. Her er det rom for å diskutere korleis ein kan ta ungdom på alvor og setje søkjelyset på korleis ein kan jobbe saman som føresette, lokalsamfunn og skule for å løfte ungdommane si mentale helse.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details