Konsertar i løa

Det heile starta med at Hilde Selvikvåg hadde konsert på Nesheimstunet i november. No ringer den eine artisten etter den andre med ynskje om å spele konsert hjå vertskapet Elisabeth og Bjørn Steinar Nesheim.

– Me har jo alltid hatt konsertar av og til, kanskje eit par i året. Men aldri slik som no. Me kallar det Hilde Selvikvåg-effekten, seier Elisabeth og ler. 

Store artistnamn

For det var etter den raskt utselde konserten med Hilde Selvikvåg at konseptet skaut fart. Det skulle vise seg at Selvikvåg skulle spele på Ulrikken og Byrkjedalstunet i tillegg til Nesheimstunet, og ho tok med seg erfaringane frå konsertlivet i Vats ut til sitt nettverk. 

– Det er tydeleg at ho har anbefalt oss, det er jo veldig kjekt. Eg syns det er heilt fantastisk at artistane ynskjer å spele her, og at dei skryt av den heimekoselege atmosfæren me klarer å skape. Her står artistane på golvet og kjem tett på publikum, eg trur dei likar det. 

Etter den tid har blant anna Torbjørn Økland, Elle Melle, Vidar Johnsen, Helge Hummelvold og Thomas Dybdal booka seg inn på Nesheimstunet. Desse konsertane er planlagde frå neste helg og fram til jul. 

–Det er nesten litt uverkeleg, meiner Elisabeth. 
 

Lokale lyd-heltar

På Nesheimstunet kan dei dekke til 100 personar i den gamle løa. Selskapslokalet er mykje brukt til bryllaup, dåp, store gebursdagsfeiringar og andre arrangement. Lun atmosfære og unike detaljar gir ei spesiell ramme rundt nære konsertar. 

– Og eg må få skryte av ABC Studio i Etne, dei er fantastiske til å stille opp, og det er jo aldri eit problem med nokon ting. Det er ikkje primadonnanykker på nokre av artistane heller, eg trur dei trivst med å kome til oss og ha konsertar som er «litt nedpå». 

Nesheimstunet stiller med sal i baren og somme gonger matservering under konsertane, noko som sikrar deira del av inntektene. 

Drøymeartistane

– Det er kjekt for oss å ha fleire bein å stå på, me ser at me har færre bryllaup enn vanleg dette året. Det er dyrtid og mange ventar nok litt med å arrangere noko så stort. Men me har mange gode kundar som me og har fylgt tett gjennom livets store dagar, det er jo spesielt å bli så godt kjent. 

– Har du nokre drøymartistar du gjerne skulle sett på scena på Nesheimstunet? 

– Å, det må vere Vamp eller Elisabeth Andreassen, Bettan, det hadde verkeleg vore stort. 

 

 

 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details