Kven fortener prisen i år?

Har du gode forslag til kandidatar som fortener å bli kåra til "Årets bedrift" eller «Årets gründer» på Næringsgiv 2024? Juryen vil gjerne ha forslag frå deg!

23. mai samlar lokalt næringsliv seg på Olalia til fag og feiring. Tradisjonen tru vil nokre bedrifter skal få ekstra heider og ære, når prisane for Årets Bedrift og Årets Gründer går av stabelen. Nå ønskjer juryen forslag på kandidatar frå publikum! 

 Send inn dine forslag her!

 Frist for innsending av forslag: 3.mai. 

Årets Bedrift

Fjorårsvinnar av prisen "Årets Bedrift" var Knudsen Dørfabrikk, her ved sjefen sjølv, Roar Knudsen. Foto: Svein Egil Økland/WestPrisen for Årets Bedrift går til aktuelle bedrifter som har skilt seg ut i 2023. 

Prisen skal vere ein inspirasjon til næringslivet og eit heidersteikn til verksemda som får han. Prisen skal i følgje vedtektene gå til ein næringsaktør som har utmerka seg positivt gjennom lokal verdiskaping og utvikling. Bedrifter som har fått prisen tidlegare er til dømes MCE, Hatteland, Fatland, Omega, Knapphus Gruppen og Granberg AS. 

Fjorårets vinnar var Knudsen Dørfabrikk. 

Den som blir tildelt prisen skal ha utmerka seg positivt innan eitt eller fleire av fylgjande område:

  • lokal verdiskaping gjennom arbeidsplassar
  • omdøme for eiga verksemd og Vindafjord og/eller Etne Kommune
  • kompetanseutvikling og servicenivå
  • resultatutvikling
  • evne til innovasjon og nytenking
  • arbeidsmiljø og HMS
  • samarbeid mellom bedrifter og bransjar

 

Årets Gründer

John Karsten Hustveit: Årets Gründer 2023. Foto: Svein Egil Økland/Westcon

Føremålet med prisen er å stimulera til og fremja etableringsvilje og nyskaping blant personar. Prisen skal bidra til auka fokus på entreprenørskap og innovasjon blant innbyggjarane i Vindafjord og utvikle ein kultur for næring.

Årets Gründer kan tildeles personar, organisasjonar eller bedrifter, og kandidatar til prisen må tilfredsstilla følgjande kriterier: 

  • Gründarane bør leia/eiga ei nyskapande og innovativ bedrift. 
  • Gründerane kan sannsynleggjera eit vekstpotensial 

Ved utveljinga av kandidatar til Årets Gründer skal følgjande kriterium vektleggjast: 

  • Ambisjonar om vekst og/eller innovasjon. 
  • Verdiskapingspotensial. 
  • Bedrifta skal ha opplevd stor vekst eller vere registrert dei seinare åra. 
  • Sysselsetting.

I juryen for prisane sit Magne Christiansen frå Sparebank 1 SR-Bank, Maren Tungesvik Tveiten frå  Sparebanken Vest og Lars Olav Larsen frå Haugesund Sparebank. 

Har du forslag til kandidatar?

Send inn dine forslag her!

Frist for innsending av forslag: 3.mai.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details