Sommarvikaren
- Namn: Tuva Helland Hundhammer
- Alder: 22 år
- Arbeidsstad: AutoStore
- Studerer: Har ein bachelor i organisasjonspsykologi, HR og leiing. Til hausten skal ho ta ein dobbel bachelor i HR, teknologi og digitaliseringsleiing.
Kvifor tenker du ein sommarjobb er viktig?
– Eg meiner ein sommarjobb er viktig fordi det gir verdifull arbeidserfaring. Det gir meg moglegheita til å utvikle meg fagleg og anvende utdanninga mi i praksis. Gjennom stillinga mi som HR-intern får eg bygge CV’en min ved å jobbe med relevante oppgåver som eg verkeleg brenn for å synest er interessante.
Kvifor ville du jobbe her?
– Heilt sidan eg først høyrde om AutoStore, visste eg at dette var ei bedrift eg ønskte å ha sommarjobb i. Dette er andre sommaren min hos AutoStore, og i løpet av det siste året har eg og jobba deltid her. Det er utruleg kult å tenke på at AutoStore, som starta i Nedre Vats, nå har avdelingar i heile verda og opplever stor suksess på verdsbasis.
Kva ville du sagt til nokon som vurderte same sommarjobb?
– Eg vil på det sterkaste anbefale denne moglegheita. Det er ein unik sjanse til å få innblikk i Noregs første einhjørning (privateigd selskap verdsett til meir enn ein milliard amerikanske dollar). Arbeidet me gjer er svært spennande og meiningsfylt. Oppgåvene me får er sjølvstendige og bidrar til å forbetre prosessane, utan å erstatte det dei fast tilsette gjer. Dei tilsette er imøtekommande og sørger for at du føler deg velkommen frå første dag.
Om du kunne reist kor som helst, kor hadde turen gått?
– Eg har ein draum om å oppleve store delar av verda, men det neste på lista er Thailand. Planen er å reise der i desember. Eg gler meg til å oppleve alt Thailand har å tilby, både når det kjem til kulturen, maten og ikkje minst dei vakre strendene.
Kva er dine planar for sommaren?
– For det meste vil sommaren bestå av jobb hos AutoStore, men me har kjøpt oss båt så me vurderer ei veke på Sørlandet om veret tillet det. I tillegg planlegg me nokre småturar her og der for å få mest mogleg ut av sommaren.