Sentrale aktørar står bak det offentleg-private prosjektet Vindafjord tomteselskap. Nyttig verktøy for utvikling, seier arkitektane bak selskapet. Som organisasjonsform er tomteselskap flittig brukt for busetting i kommune-Noreg. Nå har tomteselskapet endå meir vind i seila, med nytt styre, nye eigarar og 14 millionar friske kroner inn.
Vindafjord tomteselskap
- Offentleg-privat aksjeselskap etablert i 2009, som utviklar og sel tomter og bustadprosjekt
- Eigarar er Vindafjord kommune, Knapphus Energi, Osakongen Eiendom, Westcon Yards, Smea, Omega 365, Nappholmen, Berge Sag, MittDistrikt Invest og ingeniør Nils Reimers
Dagleg leiar er Morten Helland
Tilflytting og arbeidskraft
– Me må leggja til rette for at folk skal byggja og bu her, seier nyvalt styreleiar i tomteselskapet, Anne Marit H. Heggebø.
Næringslivet sitt store engasjement kjem frå ønskje om utvikling av aktive bygder og å legge til rette for tilflytting og meir arbeidskraft. Det er viktig for å få dette til, ifølgje styreleiaren.
Det ferske styret ho leier, karakteriserer Heggebø som ei god gruppe som vil bidra i lokalsamfunnet.
– Det er eit dyktig og godt samansett styre. Alle har eit ønskje om å få til dette, seier ho.
– Næringslivet evnar å sjå heilskapen. Me drar i same retning, og backar kvarandre.
Heggebø ser at det offentleg-private samarbeidet er avgjerande.
– Då kan me kombinera kreftene og få til noko.
Brei politisk oppslutning
Den verdien ser også kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Halfdan Krohn Brekke. Tomteselskapet har heile tida hatt brei politisk oppslutning, ifølgje kommunalsjefen.
Krohn Brekke er glad for næringslivet si evne til å dra i same retning.
– Det er kjempepositivt at me gjer dette i samarbeid med næringslivet, seier Krohn Brekke.
– Eg er imponert over korleis næringslivet har mobilisert. At næringslivet er ei drivande kraft for tomteutvikling, set me stor pris på, seier kommunalsjefen.
Han peikar på at Vindafjord tomteselskap sine mål samanfattar med dei kommunale måla for utvikling. To gonger har samrøystes formannskapsvedtak gått inn for store løyvingar til prosjektet, til saman 7 millionar kroner.
– Tomteselskapet er eit verktøy som skal leggja til rette for gode tomter for folk som skal etablera seg i Vindafjord, både eksisterande og nye innbyggjarar. Det gjer oss attraktive, seier Krohn Brekke.
Styret i Vindafjord tomteselskap
- Leiar Anne Marit H. Heggebø, direktør business support & strategi i Helgevold
- Janne Urdal Aursland, underdirektør region i Sjøfartsdirektoratet
- Rune Furseth, CFO i Nor Log
- Lars Gunnar Berge, økonomisjef i Berge Sag
- Arne Gunnar Habbestad, avdelingsleiar i Omega 365 Consulting
- Arne Matre, dagleg leiar i Westcon Hexacage
Optimistisk investor
Rune Furseth er ein av dei som har investert i Vindafjord tomteselskap. Den lokale gründeren ønskjer at det skal vera attraktive tomter i attraktive grender.
– Eg ville bidra til at tomteselskapet skal kunne fortsetja som et positivt verkemiddel for kommunen og bygdene våre, til å få etablert tomter der folk vil ha dei, seier Furseth.
Han meiner det er viktig å engasjera seg i arbeidet med å få til tomter og ting i bygdene.
– Me har alle eit ansvar for å skapa den bygda og det miljøet me ønskjer, utdjupar Furseth.
– Som arbeidsgjevar har eg som ønske og mål om å få tilsetja flest mogleg i vårt nærområde – og gjerne få unge som har vore «ute» og fått seg utdanning til å flytta tilbake til heimbygda si, seier han.
Berømmer arbeidet
– Tomteselskapet har vore svært positivt for bygdene våre, og investorar har satsa store beløp og brukt mykje tid for å få etablert tomter rundt omkring i kommunen vår, seier Furseth.
At arbeidet har resultert i nærmare 200 tomter, gjer at Furseth vil berømma både tidlegare eigarar og styre, som han meiner har gjort ein særdeles god jobb.
– Dersom me byggjer vidare på dette arbeidet saman med kommunen, har eg god tru på arbeidet framover også, seier investoren.
– Skikkeleg spleiselag
Morten Helland, formelt dagleg leiar i Vindafjord tomteselskap, trur også tomteselskapet har hatt mykje å seia for utviklinga. Som dagleg leiar blei Helland utfordra på å henta inn frisk kapital til å kunna satsa vidare på arbeidet. Helland blei godt mottatt blant både eksisterande og nye eigarar, som investor Rune Furseth. Han er nøgd med det som har blitt eit «skikkeleg spleiselag» med både bedrifter og einskildpersonar som ville bidra raust. Helland er også imponert over privatpersonar som går inn med eigne sparepengar, og som brenn for dette arbeidet.
– Drar lasset ilag
Resultatet etter denne runden innhenting av kapital, var 14 millionar. «Råflott!», er Helland sin karakteristikk.
– Kva er grunnen til at folk ønskjer å satsa?
– Dei har sett kva me har fått til. Skal me få utvikling, må folk spela på lag, fortel Helland.
Framover vil første prioritet vera å marknadsføra eksisterande tomter, som ikkje er prisregulert og dermed gunstig prisa samanlikna med dagens opparbeidingskost. Dei ønskjer også å påverka arbeidet med kommuneplanen.