Møteplassen

Fugl Fønix har blitt den møteplassen gründarane ville skapa. Hotellsjef Audun Stene (48) mimrar om 25 år med musikk, dans og gaman.

Han er vel ikkje heilt Stordalen, med endelig mandag!-entusiasme, baris og gitarsolo. Likevel har hotellsjef og medgründer av Fugl Fønix, Audun Stene (48), eit par ting til felles med Stordalen: Han elskar musikk og han har jobba med hotell over halve livet.  

Morosam tid

Det var ikkje akkurat planen, men Fønix har blitt livsverket til Stene. Fugl Fønix var eit venneprosjekt prega av galskap, fest, basar og sterk musikkinteresse. Som mange kjenner til, starta prosjektet som kafé og galleri for 25 år sidan. 

– Ei veldig morosam tid, seier hotellsjef Stene i dag. 

– Det er det jo framleis. 

Fugl Fønix bruker og framhevar lokale råvarer som del av opplevinga for både ferdafolk og fastbuande. Foto: Hanna Maria van Zijp 

– Reiser formar deg

Då ideen kom på bordet på slutten av nittitalet, var Stene var mykje på reis, i ulike verdshjørne frå Nord-Afrika til Asia og Europa, utan spesiell trong til å etablera seg i Etne. Musikk og wanderlust var dei store interessene. Stene skulle studera idéhistorie på Bali, han tenkte han skulle enda opp i New York eller ein eller annan stad. 

Men så er det noko med Sunnhordland. 

– Ein lærer jo meir om heimbygda si når ein er ute og møter andre folk og nye kulturar. Du blir forma av det, på sett og vis. Men samstundes, om ein veks opp med gode minne frå staden her, så pregar jo det ein sterkt også, seier Stene. 

Ville ha noko å gjera

Stene, som kjem frå Ølen, drog til Etne saman med kjærasten og etnebu Siri Stenberg. Jan Terje Rafdal, som skulle starta galleri, lurte på om dei ville driva kafé saman der ved E134. Dei snikra på hyller og gjorde det til sitt. 

Veldig kul, kallar Stene opningskvelden i november 1999. 

Stene, Stenberg og Rafdal utgjorde Fugl Fønix, som etter kvart utvida drifta då dei tok over større del av bygningen. Vidar Lund kom også til, med kokkebakgrunn og arrangement-kompetanse. 

Gjengen på etter kvart ti-elleve unge vaksne ville ha noko å gjera på – og servera kulturopplevingar. 

Lesestoffet i foajeen har noko for einkvar, slik som programmet til Fugl Fønix. Her er alt frå konfirmasjonar til konsertar. Foto: Hanna Maria van Zijp 

Lysmannen frå Kvelertak

Musikken, interessa for mat og reiselysta vennegjengen hadde til felles, er noko av det som har drive prosjektet i Etne framover. Konsertscena blei ganske ulik dei andre i regionen, sidan gründarane gjerne ville introdusera store norske artistar til Etne – og omvendt. Thomas Dybdahl, Briskeby, Thom Hell, Bertine Zetlitz og mange andre norske heltar har valt seg nettopp Fønix. 

– Ralph Myerz and the Jack Herren Band spelte gjerne for 60 000 utføre Paris, medan her var det for femti stykk, ler Stene. 

– Bjarte frå Kvelertak [Lund Rolland, gitarist i hardcore/metal-bandet frå Stavanger] enda opp som lysmann. Og lysmann betydde eigentleg at du styrte ein lysbrytar på veggen. Så han flikka med lysbrytaren av og på, ler Stene. 

– Eg veit ikkje om han eigentleg var sett til den jobben?

Pådrivar for utviklinga av Etne

Etter 25 års drift har Fugl Fønix blitt eit urbant bygdehotell, som dei seier. Hotellet er klappa og klart for sommar-innrykket frå inn- og utland. Overnattingsdelen av drifta har blitt styrka utover 2010-talet, til dagens 34 moderne rom. Men Stene snakkar eigentleg ikkje så mykje om akkurat overnatting. Med festlokale for dei store milepålane, ølbryggeri, kortreist gourmetmat på restauranten, quiz, festivalar, stand-up og teater, har Fugl Fønix villa vera ein pådrivar for utviklinga av Etne frå dag éin. 

Derfor er Stene kanskje meir festivalsjef enn hotelldirektør. 

Audun Stene (49) har vore med sidan starten. Som 23-åring gjekk han inn i kafédrifta til det som skulle bli den møteplassen gründarane drøymde om. Foto: Hanna Maria van Zijp 

– Alt finst innføre ein kort radius

Romma er fine, det er ikkje det.

Frukosten god, signert ein driftig kjøkkensjef som også er med og bryggjer ølet. 

Staben på 18 er enormt dyktige og utfyller kvarandre, presiserer Stene. 

Men med Medvind24 snakkar Stene meir om korleis Etne viser igjen nasjonalt og internasjonalt. Stene er opptatt av kven som reiser hit, kva dei tar med seg heim, kven som slår seg ned – og korleis Etne kan vera attraktiv for alle. 

– Frå Stavanger og inn her reiser du gjennom fire-fem ulike landskap. Her har du øyhopping, høgfjell, lågfjell og strender. Du har alt innføre ein kort radius. Og gode råvarer. For den som er interessert i mat, er jo dette eit mekka, seier Stene. 

Nettverket avgjer

Derfor speler møteplassar ei viktig rolle. Eit triks kan jo vera å skapa ein oase for tilreisande, etnebuar og alle andre som er tørste, svoltne eller berre kvessne på quiz. Det er akkurat det Fugl Fønix skal vera; ein stad folk treffest, der det sosiale nettverket blomstrar. 

– Eg plar seia i presentasjonar og slikt at det skal ikkje så veldig mange viktige personar til i livet for at ein skal trivast, fortel Stene. 

Gjengen frå gammalt av, med liknande interesser, har vore svært viktig for å slå seg ned i Etne. 

– Eg hadde ikkje vore her om me ikkje hadde hatt det nettverket, seier han. 

– Det er viktig, men det treng ikkje vera så stort. 

Nettverket kan med andre ord vera i bygde-målestokk. Det må ikkje vera millionby-storleik. 

Diplomar for grafisk design

Som gjenverande Fugl Fønix-gründer, vil han tilby opplevingar. Ei side av Fugl Fønix-konseptet var oppkjøpet av Stavanger-restauranten Food Story, der dei snudde kraftig underskot til overskot på 50 000 allereie første året. Ei anna er bruk av ulike former for godt design i konseptet. Fugl Fønix har samarbeidd med Fantastic Norway Arkitekter. Det grafiske er utvikla av designar Torgeir Hjetland frå Work in Progress. Det har vore lukrativt – ikkje direkte økonomisk, men innan merkevarebygging og posisjonering. Profilen fekk diplom for omgjevnadsdesignet under Visueltprisen i 2018, som er eit slags NM i grafisk design. 

Alt skal gjerast skikkeleg, både inni og utanpå. Dette designet signert Work in Progress har fått merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Foto: Hanna Maria van Zijp 

Presentert saman med Dr. Dre

I fjor blei designet til ølboksane frå Fønix bryggeri, laga av Torgeir Hjetland og Frode Skaren, shortlista til internasjonale ADC Awards. Dermed blei det presentert i nyhendebrevet saman med blant andre Dr. Dre sine Beats-produkt, noko Stene karakteriserte som «stort for eit lite bryggeri.» I tillegg fekk ølboksane diplom i kategorien emballasje under Visueltprisen. Kvalitet i alle ledd er viktig for Stene og Fugl Fønix. Det gjeld også innan forretningsutvikling. Suksessen på vilt ulike plan har ikkje kome gratis. Stene må tenkja seg litt om for å forklara Fugl Fønix sin stamina og utvikling. 

– Kva det krev? Ikkje så mykje, eigentleg, resonnerer Stene. 

– Hardt arbeid over mange år. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details