Sommarvikaren

– Sommarjobben bidrog til vidare studieval

Håvard Rørtveit blei i vår ferdig med bacheloren sin i samfunnsøkonomi og vidare står ein master i finans for tur. Erfaringane frå sommarjobben var med på å lande karrierevalet. Les meir om Håvard sin sommarjobb i Haugesund Sparebank og kva han fyller sommaren med.

Sommarvikaren

  • Namn: Håvard Rørtveit
  • Alder: 25 år
  • Arbeidsstad: Haugesund Sparebank
  • Studerer: Har ein bachelor i samfunnsøkonomi frå Universitetet i Bergen. Til hausten begynner han på master i finans på Handelshøyskolen BI.

Kvifor tenker du ein sommarjobb er viktig? 
– Å ha sommarjobb er viktig fordi det gir nyttige erfaringar som ein tek med seg vidare i livet. Eg har sjølv hatt ulike sommarjobbar sidan eg var 16 år, og lært utruleg mykje av det. For oss studentar er det etter kvart mogleg å få sommarjobbar relevante for det ein studerer, slik eg har nå i Haugesund Sparebank. Det gir litt ekstra motivasjon når ein skal tilbake på skulebenken om hausten. Å ha sommarvikarar er ein god rekrutteringsmoglegheit, og viktig for bedriftene som treng folk i ferien.

Kvifor ville du jobbe her?
– Eg har vore kunde i Haugesund Sparebank heile livet, og det er ein bank mange har eit forhold til. I 2022 kom eg over ei stillingsannonse som lyste etter økonomistudentar. Eg tenkte at det var midt i blinken for meg og søkte. Sidan har eg komme tilbake og jobba her, nå for tredje sommaren på rad. Banken er ein kjekk arbeidsplass med flotte kollegaer, og ein får varierte arbeidsoppgåver. Det er givande å hjelpe kundar og sjå at arbeidet ein gjer blir sett pris på. Erfaringane frå denne sommarjobben bidrog til at det blei nettopp finans eg nå skal studere vidare.

Kva ville du sagt til nokon som vurderte same sommarjobb?
– Søk, søk, søk! Ein får eit godt innblikk i korleis det er å jobbe i bank og korleis alt heng saman. Erfaringane ein får her er nyttig både for vidare karriere, men og for privatøkonomien. Det er ein variert arbeidsdag, og ein lærer å løyse utfordringar sjølvstendig, med god opplæring og flinke kollegaer som hjelp til om det trengst. 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?
– Eg har ei lang liste over stader eg kunne tenkt med å reise til. Å reise er noko eg er veldig glad i, og eg har som mål å reise meir framover. USA og Japan er reisemål som står høgt på lista. Felles for dei begge er spennande matkultur og eit stor utval av opplevingar.

Kva er dine planar for sommaren?
– Først og fremst skal eg jobbe, så noko lengre reiser blir det ikkje denne sommaren. Utanom det har eg brukt helgene til å blant anna besøke venner i Bergen og dra på dei kjekke festivalane me har her i regionen. Eg har og eit mål om å gå fleire turar opp dei flotte fjella me har i kommunen.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details