Nytt selskap med fulle ordrebøker

Anders Molland har mange år med erfaring frå byggebransjen, i februar starta han eige selskap som takstmann.

Anders Molland er godt nøgd med oppstarten av nytt selskap som takstmann. (Foto: Privat)

Selskapet har fått namnet Byggtek Norge, noko Molland sjølv meiner gir eit vink om at det geografiske nedslagsfeltet ikkje avgrensar seg til regionen. 

– Eg kan jo strengt tatt jobbe nesten kor som helst, prosessen blir uansett den same, seier han og viser til at det nystarta selskapet i tillegg til tilstandsrapportar og takst også tilbyr blant anna energiberekning og verdivurdering. 

Og pågangen frå kundemassen har vore svært god,  det har vore fult belegg i ordreboka sidan oppstarten i februar. Han meiner oppstarten som gründer har blitt mykje enklare sidan pågangen var såpass stor. 

– Det er helst tilstand og reklamasjonsrapporter det går i. Det er kjekt at etterspørselen er god slik at dagane er fulle, det rekna eg ikkje som ein sjølvfølge i ein oppstartsfase. 

– Men det er klart det krev noko å starte eiga bedrift, det er nokre månadar der ein grev seg ned i jobben og livet handlar ikkje om så mykje anna. Då må ein berre halde ut og ikkje minst takke dei heime for ekstra forståing og hjelp, kona heime tek seg av rekneskap og den biten som også skal svive i oppstartsfasen. 


Anders Molland legg ikkje skjul på at gründer-livet krev mykje arbeid før bedrifa er i full gang. (Foto: Privat)

Han har i dag kontorplass heime og i Øyfjell i Telemark, rettare sagt på hytta,  fleire oppdrag er i områda rundt Vinje kommune og blant anna Rauland. Oppdrag her oppe gir ei god unnskyldning for å ta nokre dagar på hytta somme veker. Kundane til Molland er i stor grad privatmarknaden, og han kjem oftast i kontakt med potensielle kundar via meklarar, advokatar eller andre i nettverket han har frå byggebransjen. 

– Det å bidra til å sikre både seljar og kjøpar ved omsetjing av eigedom er svært givande og nødvendig. Bustad er normalt den største investeringa folk gjer i livet sitt, det er vesentleg for seljar å vite at produktet han gir frå seg har ein tilstand som samsvarer med det kjøpar skal kunne forvente seg, for kjøpar blir jo sjølvsagt også verdien minst like stor. 

Når rapporten skal utførast blir det gjennomført befaring med kartlegging av bestemte konstruksjonsdeler, deretter blir det utarbeida ein tilstandsrapport. 

– Det er viktig at rapporten ber preg av å vere ærleg og kan opplyse meklar, seljar og kjøpar om kva ein kan forvente seg av bygget. Her skal ein ha stor respekt for jobben ein gjer, verken vere for streng eller for mild. Det er viktig å gi eit korrekt bilde av tilstanden innafor dei konklusjonar som er moglege å gjere er heilt vesentleg for å ivareta alle partar, seier Molland.

– Og kommunikasjonen pleier fungere veldig bra, eg set av litt ekstra tid til å forklare kunden nøye tanken bak dei vurderingar som blir gjort, det trur eg folk set ekstra pris på, mange sel ein bustad som dei er stolte over og der det er lang historie, då er det viktig med god dialog. 

 

Framover vil han fokusere på byggtekniske rapportar tilknytt sal, reklamasjon og skade.

– Sjølve langtidsplanen er berre delvis utarbeida, den kjem nok på plass etter kvart, men etter mitt syn skal ein vera forsiktig med å spenne for breitt. God kompetanse og kapasitet innafor eit noko avgrensa felt er målet, no må eg berre konsentrere meg om å  få jobbane unna. Det er så mykje som skulle vorepå plass, seier han og viser til at nettside er noko som skulle vore på plass for lenge sidan. 

– Men eg satsar på at det kjem no, berre det roar seg litt, seier Molland og ler.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details