Metallprodusenten Brødrene Midthaug, som i 2019 utvida til Sunnhordland med oppkjøpet av Etne-bedrifta Hamre AS, etablerer seg i Ølen.
Brødrene Midthaug AS
- Brødrene Midthaug AS designar og produserer metallprodukt til bygg, blant anna trapper, rekkverk og balkongar, i tillegg til fleire fasadeprodukt.
- Dei leverer hovudsakleg til større kundar med bustad- og industriprosjekt.
- Bedrifta har om lag 120-130 tilsette på landsbasis.
- I 2019 kjøpte Brødrene Midthaug opp Etne-bedrifta Hamre AS.
Vil utvida mot Bergensområdet
Oppkjøpet av Hamre AS har ifølgje selskapet styrka posisjonen til metalleverandøren på Vestlandet. Likevel seier regionleiar Arve Berge at det framleis er stort vekstpotensial også nordover.
— Planen er å jobbe seg opp og få ein større kundemasse. Spesielt Bergensområdet ønskjer vi å kome inn på, men der er det meir konkurranse og ein vanskelegare marknad å kome seg inn på, seier han og held fram:
— Me er ein seriøs aktør og Noregs største leverandør av dei produkta me leverer. Me er ein aktør som ikkje forsvinn, og har eit sunt firma med god økonomi, seier Berge.
Ser mot industriprosjekt
Berge seier at dei framover vil fokusere meir på å få fleire industriprosjekt.
— Det er ein vanskeleg marknad og det er fleire om beinet no. Aktørar som tidlegare berre har heldt til på Austlandet, tek også turen over her for å ta oppdrag, forklarer Berge.
Det er totalt fire tilsette på kontoret i Ølen. To jobbar fast med administrativt arbeid, og to montørar er innom frå tid til annan.
— Veldig gode kontor og lager for vårt bruk, seier Berge om dei nye lokala.