Sommarvikaren

– Betre førebudd på det som ventar deg

Elise Andreassen Berge har alltid drøymd om å jobbe på bakeriet som ligg ved familiehytta i Skånevik. Denne sommaren står ho sjølv bak disken hos Larsen Bakeri. Les hennar tankar om det å ha sommarjobb og kva ho elles skal i sommar.

Sommarvikaren

  • Namn: Elise Andreassen Berge
  • Alder: 17 år
  • Arbeidsstad: Larsen Bakeri
  • Studerer: 2. klasse på Ølen vidaregåande skule

Kvifor tenker du ein sommarjobb er viktig?

– Ein sommarjobb er viktig fordi det gir deg arbeidserfaring og let deg prøve ulike arbeidsområde. Du får sjansen til å lære om arbeidslivet og blir betre førebudd på det som ventar deg seinare i livet. I tillegg blir ein meir økonomisk sjølvstendig.

Kvifor ville du jobbe her?

– Familien min har hatt hytta i Skånevik sidan eg var liten, og lunsj på Larsen Bakeri var som regel dagens høgdepunkt. Draumen har alltid vore å få jobbe her ein dag. Eg likar å jobbe med kundar, og Larsen Bakeri er ein hyggeleg arbeidsplass med kjekke kollegaer og dei beste bakevarene i landet. Om sommaren er det mykje aktivitet og liv, med til dømes Skånevik Bluesfestival og Pippifestivalen. Å jobbe under Pippifestivalen er den kjekkaste tida å jobbe her på for då pyntar me bakeriet i fargar og kler oss ut, noko som er kjempekjekt for barna. Det er og stilig å jobbe på eit handverksbakeri med rike tradisjonar som går tilbake til 1888.

Kva ville du sagt til nokon som vurderte same feriejobb?

– Larsen Bakeri er ein kjempekjekk plass å jobbe. Du har mange hyggelege kollegaer, og det er ingen kjedelege dagar. Dette er ein jobb for dei som taklar eit høgt tempo og er gode kundebehandlarar med godt humør og eit smil om munnen. Det er ein god moglegheit til å kome seg inn i arbeidslivet og få eit innblikk i kva det går ut på.

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?

– Det er mange plassar eg kunne tenke meg å reise til, så for meg er det ikkje så nøye akkurat kor så lenge det er ein plass eg ikkje har vore før med rik og spennande kultur. Det er og ein bonus om det er ein varm stad der eg kan bade og sole meg.

Kva er dine planar for sommaren?

– I sommar skal eg først og fremst jobbe nokre veker på Larsen Bakeri. Vidare skal eg ein tur til Nord-Italia i juli og til Tyskland på konsert i slutten av ferien. Anna enn det, er planen å nyte ferien saman med familie og vener.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details