Sommarvikaren
- Namn: Jakob Rafdal Lauritsen
- Alder: 21 år
- Arbeidsstad: Oppvandringsfella i Etneelva
- Studerer: Biologi ved Universitetet i Bergen
Kvifor tenker du ein sommarjobb er viktig?
– Eg tenker ein sommarjobb er viktig for då får ein noko å gjere på i ferien. Eit anna stort pluss er at ein blir kjend med nye folk der ein jobbar, og så er det ein god moglegheit til å tileigne seg ny kunnskap, noko som alltid er kjekt! I tillegg er det jo fint med litt inntekt. Det kjem godt med når ein er student.
Kvifor ville du jobbe her?
– Det å jobbe i fella er veldig relevant for studiet mitt innan biologi. Eg vurderer å vidareutdanne meg innan fisk, så kunnskapen eg får her i fella kan komme godt med. Det er og fint å jobbe ein plass der ein er masse ute i naturen.
Kva ville du sagt til nokon som vurderte same feriejobb?
– Det er ein flott jobb med hyggelege kollegaer, som ein lærer mykje av. Korleis arbeidsdagane ser ut kan variere veldig, noko som gjer at kvardagen ikkje blir så eindimensjonal. I tillegg er det at ein får vere så mykje ute eit stort pluss!
Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?
– Japan er ein plass eg verkeleg kunne tenkt meg å reisa til. Landet har ein veldig interessant kultur og mykje nydeleg natur. Arkitekturen der er og veldig stilig. Eg kunne gjerne tenkt meg å få opplevd det landet og alt det har å by på ein dag!
Kva er dine planar for sommaren?
– Sommaren kjem til å gå mykje til jobbing i fella, men eg får og besøk av nokre studievenner frå Bergen. Det blir bra!