Handverkaren

– Det er motstraums du lærer noko

Ho kunne eigentleg blitt bonde, for Malin Regine Fotland Øglænd (20) fekk si første lønn frå Avløysarlaget som 11-åring. Jakt- og skyteinteressa førte henne til børsemakarfaget.

Malin Regine Totland Øglænd (20) har skote heile livet. Sterk interesse for jakt og skyting vog tyngst då ho skulle velja fag. Foto: Marcus Rødne

På eit lite nes ved Stordalsvatnet rett utføre Etne, står Malin Regine Fotland Øglænd (20) over arbeidsbordet. Ho kikkar på delar av eit gevær som er levert inn. 

– Det er motstraums du lærer noko, seier Øglænd. 

Vegen til børsemakarfaget

  • Etter eit år på TIP (teknikk og industriell produksjon), valde Malin Regine Fotland Øglænd børsemakarfaget. 
  • Ho tok VG2 på den einaste vidaregåande skulen i landet som tilbyr faget, Gauldal VGS i Trøndelag. 
  • Læretida på to år har ho hatt hjå Rafdal våpen i Etne.

Det som begynte med sterk interesse for jakt og skyting, førte henne altså hit til Rafdal våpen. Det, og draumen om noko anna enn kontorjobb 8–4. For eit par år sidan flytta ho frå Jæren til Etne for å gå i lære i børsemakarfaget. Sjølv om ho trivst i Etne og «det bles ikkje så mykje som heime!», så er ikkje det det store trekkplasteret. 

Øglænd var nemleg ein av dei heldige som fekk læreplass. Og ikkje berre det, ho fekk gå i lære hos Albert Rafdal, ein av landets beste i faget, ifølgje Øglænd. 

Eller, «heldig» er kanskje ikkje ordet. Det er vel ein grunn til at akkurat ho fekk plassen, ho er kanskje ein av dei beste lærlingane?

– Eg likar ikkje å snakka om sånne ting. 

Malin Regine Totland Øglænd (20) er nøgd med å ha landa lærlingeplass hos Albert Rafdal i Rafdal våpen. Å ta seg tid for å sikra kvalitet heile vegen, er noko av det viktigaste ho har lært. Foto: Marcus Rødne

Men ho har iallfall pallplasseringar i fleng på andre område. Øglænd byrja å skyta då ho var gammal nok til å halda børsa. Som skyttar har ho markert seg og gjort det godt på stemne. 

– Eg var ganske liten då far kom med første rekruttbørsa til oss, seier Øglænd. 

Elles har ho heldt på med, noko via bygdeungdomslaget, noko jordbruk. Ho har jobba som avløysar heime på morsgarden i mange år allereie. Ho har tatt tredjeplass i NM i både ostefatanretning og mjølking av ku. Men det var altså våpen-verda som skulle trekkja det lengste strået. 

Handverkaren

  • Næringslivet i Etne og Vindafjord er enormt mangfaldig, verdiskapinga skjer på både kontor og verkstad. 
  • I denne serien løftar Medvind24 fram heile spekteret av handverksfag i regionen. 
  • Kjenner du nokon me bør snakka med? Tips oss på post@medvind24.no

Øglænd er framleis aktiv innan jakt og sportsskyting, og reiser på stemne i ny og ne. For mange er vegen kort derfrå til børsemakarfaget. Sløyd, berre med stål, kallar ho det.

– Du får gjera mykje forskjellig som børsemakar. Det er både køyring av maskinar, fres og dreiebenk. Og så må du vera nøyaktig for å få ting til å stemma, forklarer Øglænd.   

Det er noko av det viktigaste Øglænd har lært av børsemakar Albert Rafdal: Ver nøye og tenk deg om, stopp heller opp og gjer det ein gong til. Å skunda seg kan øydeleggja meir enn å forbetra. 

– Han veit kva han held på med. Det er kvalitet heile vegen, seier Øglænd. 


Med interesser som spenner frå jordbruk til ostefatanretning, meiner Malin Regine Totland Øglænd det er motstraums ein lærer best. Til andre som snusar på børsemakarfaget, seier Øglænd: – Berre gi gass! Det er gildare å gå mot enn med straumen. Foto: Marcus Rødne. 

For Øglænd har også andre førebilete vore viktige. Børsemakar Anne Marte Kvarme er eit av dei. 

– Det er veldig viktig med førebilete, det er alltid bra å ha nokon å sjå opp til, seier Øglænd. 

Til hausten skal Øglænd ta svenneprøve. Etter det, får ho sjå kva som dukkar opp. 

– Kva er det mest spennande med jobben? 

– Det er folka som kjem innom og det å skapa noko. Du byrjar med ein del som du klarer å forma slik du har sett føre deg. Og så er det allslags folk som er innom, og alltid mange spennande historier, seier Øglænd. 

Til andre unge som lurer på om dei skal gå same veg, har Øglænd eitt råd: 

– Berre gi gass! Det er gildare å gå mot enn med straumen.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details