Sommarvikaren

– Det er berre å hiva seg i det!

Joanna Norheim Knutson har nyleg landa fast jobb som lektor ved Enge skule. Likevel går ho tilbake til sommarjobben som klatreguide hos Åkrafjorden Nature B&B. Les kva som dreg ho mot den bratte sommarjobben.

Sommarvikaren

  • Namn: Joanna Norheim Knutson
  • Alder: 27 år
  • Arbeidsstad: Åkrafjorden Nature B&B
  • Studerer: Nyutdanna lektor på Enge skule

Kvifor tenker du ein sommarjobb er viktig?

– Som tidlegare student har sommarjobb vore viktig både med tanke på å ha ei ekstra inntekt, men og for å få livs- og arbeidserfaring. Nå har eg sommarjobb mest fordi eg syns det er interessant å treffa så mange forskjellige menneske, vera ute i fint vêr og vera i aktivitet. Som klatreguide får eg treffa mange hyggelege menneske frå ulike nasjonar som kjem for å klatra i dei tre flotte Via Ferrata-løypene i Åkrafjorden. Det er både lærerikt og spennande å vera guide for turistane.  

Kvifor ville du jobbe her?

– Eg er veldig glad i å vera ute, gå i fjellet og nyta dei fine vestlandsdagane. Som klatreguide får ein alt dette. Då eg blei spurd om eg ville jobba som klatreguide for nokre år sidan, blei svaret sjølvsagt ja. Ingen turar er like, då både fjellet og utsikten endrar seg etter vêret, noko som gjer at eg aldri blir lei av å klatre. 

Kva ville du sagt til nokon som vurderte same feriejobb?

– Det er ikkje noko å vurdera, det er berre å hiva seg i det! Dette er ein veldig kjekk og lærerik jobb, både med tanke på korleis ein skal handtera menneske i ulike situasjonar, men og at ein blir godt kjend med seg sjølv og korleis ein ferdast i naturen. 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?

– Då hadde eg reist til ein destinasjon med høge fjell, mykje utsikt og fine solnedgangar. Det hadde og vore eit pluss om eg kunne tatt meg eit bad etter ein minnerik dag ute i naturen. 

Kva er dine planar for sommaren?

– Denne sommaren skal eg sjølvsagt klatra i Åkrafjorden, men og nyta meir av det den norske fjellheimen har å by på. Eg har akkurat vore ein tur til familie i Sverige, og seinare i ferien skal eg til Split i Kroatia. Elles håpar eg det blir mange fine sommarkveldar med både venner og familie. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details