Saman for landbruket

Tveit Regnskap og SpareBank 1 SR-Bank samlar kreftene for landbruket. SpareBank 1 SR-Bank Landbruk er vår nye storsatsning. Eit tenestekonsept som skal sikre at det lokale landbruket får ein sterk støttespelar i ryggen, som gir råd og veiledning til bonden sin økonomi.

Tveit Regnskap har gjennom sin historie skilt seg ut som spesialist i landbrukssegmentet, med meir kunnskap om landbruksøkonomi enn andre private aktørar. Kvart år har Tveit Regnskap sett på inntektsutviklinga i jordbruket og gitt ut rapporter som grunnlag til forhandlingsdiskusjonar. Dette er erfaringar og kompetanse som skal ivaretakast og utviklast saman med SpareBank 1 SR-Bank.  

SR-Bank har røter tilbake til 1800-tallet med sildefiskeeksport i Egersund og landbruk med meieri på Finnøy. Det som kjenneteikna oppstarten, var at lokale samfunnslag gjekk saman for å støtte og etablere primærnæringer til det gode for samfunnet.

Med hjarte og engasjement frå begge selskapa, skal me fortsette å bidra til styrking av den lokale landbruksnæringa.  

Eit komplett landbrukshus: SpareBank 1 SR-Bank Landbruk
Kva inneberer dette nye tenestetilbudet? Saman blir me det me likar å kalle eit komplett «landbrukshus med eit høgt møne». Me samlar våre kompetanseområde og videreutviklar vårt tilbud slik at me kan hjelpe med alle deler av landbruksøkonomien, som blant anna:

  • Landbruksrekneskap
  • Driftsplanar
  • Lån, kreditt og leasing
  • Landbruksforsikrigar
  • Bonden som arbeidsgivar
  • Takst- og eigarskifte
  • Rådgivning og utviklingsmogligheter

Med eigen spesialistrådgivning vil me bidra til omstilling og utvikling for ei meir berekraftig drift fram mot 2030. I tillegg, vil ein fortsatt kunne kome til oss for å få oppdaterte rapportar med nøkkeltal frå landbruket.

 Bonden sin støttespelar 
Med vår historie har både Tveit Regnskap og SR-Bank vore med på dei store landbruksomveltningane gjennom 1900-talet: Teknologisk utvikling, politisk utvikling og samfunnsutvikling. Frå lånestøtte for bytte frå hest til traktor, til å kjempe for fordeling av gardsinntekt mellom mann og kone.

I SpareBank 1 SR-Bank Landbruk har me både bank-, forsikring- og rekneskapsrådgiverar med spesialkompetanse innan landbruksøkonomi. Som bank og regnskapskontor ønsker me å tilrettelegge for framtida til det norske landbruket. Ja, flere av oss driv faktisk gard sjølv, eller er oppvaksen på gard.  Det er kanskje dette som skapar eit ekstra sterkt engasjement for bonden sin kvardag.

Dei neste åra vil vere enormt spennande i landbruksnæringa. 2023 ser nok litt annleis ut enn det me hadde håpa på. Med større nedgang i dekningsbidrag enn det som kanskje var venta, skil vårt område seg likevel positivt ut. Bøndene investerar i framtida og dette skapar optimisme. Vårt mål er å bidra til berekraftige lokalsamfunn ved å hjelpe bedrifter, bønder og næringsliv med å lykkas med sine mål.

Både Tveit Regnskap og Sparebank 1 SR-Banke er samarbeidspartnere til Medvind24. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details