Om styrearbeid og ti-toppstur

Organisasjonsnettverket inviterer tillitsvalde i frivillige lag og organisasjonar til kvelds med fokus på styrearbeid og føredrag om Skjold på Tvers, 12. september i idrettshallen i Skånevik.

Korleis samlar ein hundrevis av menneske til titoppstur kvar einaste år? På organisasjonsnettverket si samling i Skånevik 12. september høyrer me frå gjengen på Skjold på tvers. Foto: Skjold på Tvers. I samarbeid med SØK-stiftinga inviterer Medvind Næringshage til ei kursrekke for tilltsvalde i lokale lag og organisasjonar.   Målsetninga med prosjektet er å styrka kompetansen innan lag- og  organisasjonsarbeid, erfaringsutveksling og nettverksbygging for alle som er involverte i frivillig arbeid.

  Meld deg på samlinga i Skånevik 12.sept her!

I første kursrekke set me fokus på styrearbeid, og inviterer til kurs og inspirasjonsføredrag. 

  • Tid: 12. september, kl. 18.00 – 22.00
  • Stad: Kafeteriaen, Idrettshallen i Skånevik
  • Pris for denne samlinga:
    • Kr. 200,- per deltakar frå lag og organisasjonar i SØK-området (gamle Skånevik Ølen Kraftlag sitt konsesjonsområde)
    • Kr. 400,- per deltakar frå andre lag og organisasjonar

Program:

  • Styrearbeid for lag og organisasjonar v/kurshaldar Lars Einar Hollund, Idrettsforbundet
  • Prat og kveldsmat
  • (Nesten) 1000 på ti toppar! Korleis laga folkefest på fjellet v/ Skjold på Tvers 

Påmelding innan 11.sept. 

Me tar atterhald om endringar i programmet!

Rediger Content Item
On test
Hva skjer detaljer
/hva-skjer-details