Gratis gründerkontor
- Er du gründer i Vindafjord og interessert i gratis kontorplass?
- Ta kontakt med Morten Helland på: morten@medvind-neringshage.no
– Dette er eit lågterskel-tilbod til dei som ynskjer å starte opp bedrift i ein spanande næringskommune, seier Halfdan Krohn Brekke som er kommunalsjef samfunnsutvikling i Vindafjord kommune.
Bidrag til suksess
I første omgang er det eitt kontor som blir tilbydd gründerane, og Krohn Brekke håpar dette er eit bidrag som kan hjelpe til suksess ute i bedriftene.
– Dette er vår måte å hjelpe bedriftene med å senke kostnadane noko, seier han og viser til at interesserte gründerar berre kan ta kontakt med næringshagen dersom dei vil teste ut tilbodet om gratis kontorplass.
– Det er heilt naturleg å plassere kontorstaden i næringshagen, som også har førstelinjeteneste til oppstartsbedrifter. Dei gjer ein kjempegod jobb med å ta i mot spørsmål, og hjelpe dei som ynskjer å starte opp bedrift.
Nyttig nettverk
Krohn Brekke er også oppteken av at kontorplassen i næringshagen kan opne dørene til eit nye nettverk for mange.
– Ikkje berre får ein gratis kontorplass, men ein får og positive input frå eit variert næringsliv og miljø på huset. Det er alltid verdifullt når ein skal starte opp ei bedrift, og treng å kome i kontakt med eit større nettverk.