– Her skal pasientane føle dei er i sentrum

Caroline Markhus Svan (35) er lidenskapeleg oppteken av musklar og «vondter» som folk har i kroppen. Det siste året har ho bygd opp sin eigen arbeidsplass i selskapet Benken i Etne.

Ho er utdanna hudpleier og har i tillegg tatt første året på medisinstudiane, berre for å vere ekstra rusta når ho tilbyr hudpleie og helsemassasje til kundane sine. Fram til no har det vore mest fokus på massasjedelen, men framover vil ho og profilere hudpleie meir og meir.

–    Eg har alltid hatt interesse av korleis menneskekroppen fungerer, og hatt eit behov for å få lov til å jobbe med dette, seier ho og snakkar seg varm om muskelknutar, stress-symptom og at massasje kan ha lindrande effekt på mange plager. 

–    Dei som kjem til meg for massasje har jo som regel vondt ein stad, somme av dei har og allereie vore til legen og blitt anbefalt å kome her medan dei ventar på fysioterapitime. 


Caroline Markhus Svan fekk ein god start på bedrifta Benken då ho starta opp våren 2023. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)


God oppstart

Caroline starta selskapet Benken i februar i 2023, før den tid har ho blant anna drive for seg sjølv og jobba for WahWah i Bergen. Sist jobba ho i ein hudpleiesalong i Odda der ho treivst veldig godt. I Odda hadde ho og fått prøvt seg som fungerande dagleg leiar, i periodar og ønsket om å starte noko for seg sjølv vart stadig større. Oppstarten som grûnder har vore både spanande og krevjande. 

–    Det har vore ein bratt læringskurve dette, eg gjekk «all inn» og starta eit aksjeselskap. Marknadsføringa har nesten gjort seg sjølv, eg starta ei enkel FB-side der eg fortalde at eg skulle opne Benken. Nokre dagar seinare var det allereie kundar og no er ein god kundekrets på plass, men me finn alltid plass til dei som treng det, slår ho fast. 

Både hår-fjerning, hudpleie og helsemassasje er populære tenester som mange nyttar seg av. Her er det kundar i alle aldersgrupper, og med særs ulike utfordringar. 

–    Me har folk innom her i alle aldrar, frå barn som får tilbod om barnemassasje til dei eldre som kjem her for å få behandling. Dette passar for alle. Eg er veldig takksam for kundane mine, og for at dei kjem igjen gong etter gong. Eg hadde vore skeptisk dersom det var stor gjennomtrekk med kundar, sidan kvaliteten på behandlingane mine er særs viktig for meg. 


Kunde i fokus

Caroline brukar mykje tid på å lytte til kunden. Har du bestilt time hjå henne får du hennar fulle merksemd gjennom heilt timen. Her låser ho døra rett og slett, slik at ingen kjem uventa inn i lokala,  ho spring heller ikkje for å ta telefonen under behandlingane.  

–    Det er bevisst, har du time her skal du få bruke den tida i fred og ro. Det er veldig uroleg om eg skal springe att og fram og heile tida ta telefonen, slår ho fast. 

Ho er oppteken av å finne ut kvifor kunden har vondt i hovudet, har avstengt pust, eller kjenner vondt i ei skulder. Då startar den delen av jobben ho likar aller best, å finne problemet som truleg sit i ein muskelknute, eller i stramme sener, og løyse den opp på ein så effektiv måte som mogleg. 

–    Det er ikkje vits i at folk har det så vondt på massasjebenken her at musklane går i forsvar, då jobbar me berre mot kvarandre. Det blir heilt feil, slår Caroline fast. 

–    Mitt mål er at folk skal ha det betre, eller ha fått løyst eit problem når dei går ut døra her. Og ein må finne ut kvifor folk har vondt. 


Caroline tilbyr både hudpleie og helsemassasje, begge deler viser seg å vere populære tilbod i Etne. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)


– Berre hopp i det

Ho meiner andre som lurer på å starte opp bedrift berre skal «hoppe i det», tipset er å jobbe med det ein er god på, og la andre ta seg av resten. 

–    Slit du med rekneskap så få ein rekneskapsførar til å gjere det, eller nokon som jobbar med marknadsføring dersom det er det du slit med. Tida strekk ikkje til slik at ein kan nå over alt sjølv, og som gründer bør du helst konsentrere deg om det du er best på,  som faget ditt. 

–    For meg var berre å hoppe i det. Det blei litt slik «make it or break it». Har du ein lidenskap for det ein vil drive med så er det stor sjanse for å klare å få det til. Angåande konkurranse her lokalt ser eg det som ein god ting, og me er mitt hovud gode kollegaer. Alle har er så ulike at me utfyller kvarandre i tilbodet me kan gi til klientane våre. 

Caroline meiner det er viktig å halde seg fagleg oppdatert og bruker mykje tid på hente informasjon på nettet. Framover drøymer ho om å styrke selskapet, men ikkje nødvendigvis om å bli fleire på jobb. 

–    Då måtte me isåfall ha flytta lokale, og det hadde vore veldig viktig for meg at den andre personen som kom inn var like lidenskapeleg oppteken av dette som meg. Eg gjer ikkje dette for å bli rik, eg blir motivert av å hjelpe folk. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details