Skal forske på hjartepasientar

Kan trening hindre nytt infarkt hjå hjartepasientar? Stian Haugland og Mariann Vevatne på Frisk Treningssenter er eit av treningsmiljøa som skal prøve å finne svar på det, via eit forskingsprosjekt på NTNU.

IStian Haugland og Mariann Vevatne er valde ut som eit av teama som NTNU vil samarbeide med på dette hjarte-prosjektet. (Foto: Kristian Risanger)

Haugland og Vevatne har fått ansvar for pasientane på indre Haugalandet som ynskjer å vere med i forskingsprosjektet NorEx. Det er tidlegare infarkt-pasientar som no blir inviterte inn i prosjektet der målet er å finne ut om intensiv og regelmessig trening har ein effekt på hjartepasientar. 

Ulike treningsgrupper

– Me trur jo at det hjelper å vere fysisk aktiv, og ikkje minst at pasientane vågar å ta i litt på trening. Men det skal bli spanande å sjå resultatet, og finne ut om me har rett, seier Stian Haugland som jobbar som osteopat, personleg trenar og instruktør på Frisk Treningssenter i Ølen. 

Med seg i prosjektet har han og instruktør Mariann Vevatne som no også utdannar seg til personleg trenar, no håpar dei flest mogleg av dei som har fått invitasjon vågar å melde seg på. I prosjektet blir gruppa tilfeldig delt inn i tre grupper: ei gruppe som skal leve heilt normalt slik dei pleier, ei gruppe får vanlege treningsråd, medan den siste gruppa blir fylgt tett opp med intensiv treningsplan. Det vil bli mogleg å trene i grupper, med personleg trenar eller laste ned treningsprogram som kan brukast heime. Alle som deltek vil bli utstyrt med klokke og ein app på telefonen som viser faktisk aktivitetsnivå i løpet av dagen.  

Høg intensitet

I prosjektet er det mål om å inkludere om lag 10 000 pasientar som vart behandla for infarkt mellom 2013 og 2022. NTNU slår fast at det er vitskapeleg bevist at hjartepasientar som er fysisk aktive lever lenger enn inaktive pasientar, men dei vil no prøve å finne ut om det er treninga som forlenger livet. I tillegg ynskjer ein å finne ut om treninga gir lågare risiko for å få nye infarkt, no får meir enn 20 prosent av pasientane som overlever nytt infarkt i løpet av det første året.

– Mange som har hatt infarkt kan og vere redde for å trene med høg intensitet, det kan vere skummelt og ubehageleg å kjenne på at ein sveittar og får høg puls. Det er viktig for oss å vise at dette ikkje er farleg, men kan gi gode helseeffektar, seier Haugland.

– Me ynskjer også å gi pasientane gode vanar i kvardagen. Jo meir me klarer det, jo større sjans er det og for at dei klarer å gjennomføre programmet og at dei held fram med trening etterpå, meiner Vevatne.

– Dette handlar jo og om folkehelse, treningssenter og personleg oppfølging burde eigentleg vore noko folk hadde tilgang til sjølv om dei ikkje har ressursar til å betale for det, seier Haugland engasjert.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details