Satsar på unge etablerarar

Nyutdanna Antonette Bakkedal (20) er allereie klar for sin første leiligheit. Med etablerarpakken vil Sparebanken1 SR-Bank gi fleire unge sjansen til å realisera bustaddraumen.

I januar møtte Antonette Bakkedal (20) privatøkonomisk rådgjevar i Sparebank1 SR-Bank i Ølen, Morten Østenstad. Det resulterte i eit overraskande positivt svar på lånesøknaden, og eit heilskapleg tilbod i banken sin etablerarpakke. Snart overtar Bakkedal splitter ny leiligheit – og nå rår ho andre unge til å begynna å spara snarast. Foto: Hanna Maria van Zijp

I januar kom Antonette Bakkedal inn dørene på Sparebanken SR-Bank sine lokale i Ølen. Ho hadde kikka på leiligheit under oppføring nokre minutt lenger opp i bakken. Då ho gjekk inn døra, hadde Bakkedal med seg stilege prospekt og låge forventningar.

– Kva var det med Gartnerhagen?

– Eg synest det såg fint ut, det var moderne og nytt, seier Bakkedal.

Passar i avvikskvoten

Etter eit overraskande positivt møte med banken hadde Bakkedal allereie tatt første steg på vegen til å kjøpa seg inn i bustadprosjektet Gartnerhagen. Meklaren sat nemleg på nabokontoret, sidan banken ikkje berre er bank, men eit heilskapleg finanshus som inkluderer Eiendomsmegler1. Dessutan skulle Bakkedal bli del av ein heilt medviten statistikk i Sparebank1 SR-Bank. Ho er ein av dei unge etablerarane i avvikskvoten deira, med andre ord dei som ikkje oppfyller alle formelle krav til bustadlån.

Vanskeleg marknad for unge

– Me opna dører ho ikkje var klar over. Det er vanskeleg å komma seg på bustadmarknaden nå, sidan det er bygt lite nytt, for få tomter lokalt og for få hus på marknaden. Det er ikkje alle som har råd til å gå rett inn i brukt einebustad. Me vil tilby eit godt opplegg til unge som vil kjøpa seg sin første bustad og etablera seg.

Det seier privatøkonomisk rådgjevar Morten Østenstad, som jobbar med blant anna finansiering ved Ølensfilialen til Sparebank1 SR-bank.

Større spelerom med meir skjønn

Den påtroppande huskjøparen Bakkedal, som han møtte i haust, hadde ikkje alt. Den 15 prosenten eigenandel er tøff å spara opp for dei fleste unge. Banken har avslagsplikt der lån ikkje er forsvarleg, men eit større spelerom frå 1. januar i år. Reglane opnar i større grad for skjønn, som sparevanar, forventa framtidig inntekt og betalingsevne innføre sannsynlege rentehevingar og inflasjon.

Vil laga ein plan

Det er noko av grunnen til at banken har laga konseptet Etablerarpakken, der kunden får heilskapleg, oppdatert informasjon om eit tema som styresmaktene gjerne endrar årleg. Dei får tett oppfølging frå eigen rådgjevar før, under og etter kjøpet, samt nyttige verktøy som måleband og klinkekuler til bruk på visning.

– Veldig ofte kjem dei unge inn med negativt syn på at mest sannsynleg ikkje kjem til å få lån. Men der det før var ja eller nei, vil me laga ein plan, fortelja dei om kvifor og kva som er maks. Me kan strekkja oss opp, om kunden tar den risikoen, forklarer Østenstad.

– Dersom du klarer å spara 10 prosent av 100 000 kan du spara 10 prosent av 500000, legg han til.

Regionen skrik etter arbeidskraft

– Kva er den største utfordringa til unge etablerarar?

– Å hengja med i svingane på kva reglar som gjeld til eikvar tid, seier Østenstad.

Han anbefalar ein fjes-til-fjes-samtale med ein rådgjevar som kan faget. Banken vurderer kvart enkelt kundetilfelle. At unge fyller avvikskvoten, er del av Sparebanken1 SR-Bank sitt samfunnsansvar, som kan bidra til rekruttering og tilflytting.

– Grunnen til at me prioriterer unge, er fordi det er veldig tøft å etterkomma alle krav til lån i dag. Og så har me har ein region som skrik etter arbeidskraft, og ønskjer at folk som reiser ut og skal studera, har høve til å busetja seg lokalt.

Låge forventningar

Akkurat det skal Antonette Bakkedal. Ho tok fagbrev som ambulansearbeidar i fjor. Nå er ho vikar i ambulansetenesta i Helse Fonna, stasjonert i Vindafjord, der ho tok læretida. Som tidlegare lærling utan enorme oppsparte summar og fast jobb, var forventningane låge. Ho var eit stykke frå kravet om 15 prosent eigenkapital, som ofte kan tilsvara 400 000 kroner og oppover.

Ser på meir enn eigenkapital

Derfor var Bakkedal usikker på om ho skulle gidda å gå i banken. Men sandeidbuen var klar for å flytta heimanfrå og hadde sett den perfekte leilegheita i Gartnerhagen i Ølen, nær jobb, trening, natur og by. Fast adresse og personleg fridom freista. Det skada jo ikkje å ta eit møte?

– Dei ser på mykje meir enn eigenkapital. Dei ser på kor flink du er til å spara, om du har andre lån, om du har spart i fond eller BSU [sperra høgrentekonto til bustadsparing for unge]. Eg hadde ikkje full eigenkapital, men i og med at eg har spart på sparekonto og i fond, var det viktigare, seier Bakkedal.

– Begynn å spara snarast

Sjølv om ho ikkje har fast jobb ennå, jobbar Bakkedal omtrent hundre prosent som vikar. Jobbutsiktene for ein ambulansearbeidar er jo heller ikkje til å kimsa av.

– Viss du har jobb og kan visa god økonomi kvar månad, så er det positivt, seier ho.

Rådet hennar til andre unge er å begynna å spara snarast, slik at dei kjapt kjem seg inn på bustadmarknaden.

– Starta tidleg. Det er viktig å leggja til sides pengar framover. Søk råd om fond og BSU. Og begynn tidleg med fond! Banken må ha tillit til deg, seier Bakkedal.

Sjølv har ho spart i fond sidan tenåra.

Unge har lenger tid på nedbetaling

Det vil kasta av seg i form av å byggja eigenkapital, sidan du betalar til deg sjølv, forklarer bustadkjøparen. Bakkedal rår dessutan unge til å ta yrkesfagleg utdanning, for å komma raskt ut i arbeid for å kunna dra nytte av denne typen sparing.

– Fordelane med å komma seg inn på bustadmarknaden som ung, er at du får lenger tid på deg å nedbetala lånet, fastheld Bakkedal.

Viktig med skikkeleg research

Og du sjølv må vita kva du går til, understrekar ho.

– Det er viktig at banken førebur deg på huskjøpet – og for konsekvensane. Dei forklarte det så bra, slik at eg følte eg fekk kontroll over utgiftene. Det er viktig når du er ung, at du tar kontakt med banken din, snakkar med dei og forstår økonomien i det, seier Bakkedal.

Ho tilrår ikkje å ta det per telefon.

– Du må skaffa deg eit fysisk møte, oppmodar ho.

Fleire møte

Det har iallfall betalt seg for Bakkedal. 30. september overtar ho ein innflytningsklar leiligheit ho sjølv har fått prega. Bakkedal har valt kjøkkeninnreiing, baderomsinnreiing, fargar, garderobe, golv, fliser og plassering av stikk-kontaktar. Ho gler seg til å ha naboar i alle aldersgrupper.

I mellomtida, for overtakinga, skal ho spara mest mogleg. Framover vil Bakkedal og rådgjevar Morten Østenstad ha fleire møte for å få oversikt. 

– Han har vore veldig grei. Eg føler eg blir godt ivaretatt her, seier ho.

Det er eit stort steg for den unge huskjøparen. Men det er kvilepulsen rår.

– Det går bra så lenge banken har tillit til deg og du har tillit til banken.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details