Satsar på gull og grøne skogar

Vindafjord skogeigarlag satsar på grøn næring, bokstaveleg talt. Nå vil dei byggja ut Utbjoa tømmerkai, som skal bli knutepunkt for tømmerfrakt i regionen.

Utbjoa tømmerkai skal bli knutepunkt for frakt av tømmer i regionen. Det meiner prosjektleiar Agnar Naustdal, styremedlem i Vindafjord skogeigarlag, Harald Hetland og transport- og logistikkleiar i AT Skog, Inga Ø. Apeland. (Foto: Kristian Risanger)

– Skog vil alltid vera framtida.

Det seier styreleiar i Vindafjord skogeigarlag, Magnus Frøyland.

Nå ønskjer skogeigarlaget og bransjen i regionen god driv for tømmer framover.

Søkjer tilskot

Saman med prosjektleiar Agnar Naustdal, har skogeigarane søkt om tilskot til utviding av Utbjoa tømmerkai. Dagens 25 meter lengd skapar flokar for frakt, som fører til store, unødvendige kostnader. Fraktebåtane har nemleg blitt mykje større. Derfor vil Vindafjord skogeigarlag byggja ut Utbjoa tømmerkai til 60 meter, noko som gir mykje større kapasitet. Prosjektet har ei kostnadsramme på 10 millionar kroner, og skogeigarane søkjer tilskot hjå blant anna kommunane i regionen, Landbruksdirektoratet og Rogaland fylkeskommune.

Kapasiteten på Utbjoa tømmerkai kan auka frå 800 til 2500 kubikkmeter. Nå blir tømmeret blir flytta rundt, når det rykkar fram i køen for frakt. – I dag må nesten 50 prosent leggjast på baklager, seier Magnus Frøyland, leiar i Vindafjord skogeigarlag. Foto: Kristian RisangerKapasiteten på Utbjoa tømmerkai kan auka frå 800 til 2500 kubikkmeter. Nå blir tømmeret blir flytta rundt, når det rykkar fram i køen for frakt. – I dag må nesten 50 prosent leggjast på baklager, seier Magnus Frøyland, leiar i Vindafjord skogeigarlag. Foto: Kristian Risanger

Utbjoa beste knutepunkt

Utbjoa tømmerkai er eigd av skogeigarlaget og er det mest naturlege knutepunktet framover, meiner Frøyland.

Kaien i Yrkje er selt, og det er usikkert kor lenge skogeigarane får bruka han. Kaiane på Dommersnes og Ølensvåg er ikkje aktuelle lenger. Andre er for langt borte, ifølgje Frøyland.

– Om prosjektet skal kunna realiserast avheng blant anna av midlar frå Landbruksdirektoratet, som kan gi 80 prosent dekning av kostnadene, seier Frøyland.

Mange felt i hogstmoden alder

Det seier også prosjektleiar Agnar Naustdal, som nå arbeider med å koordinera finansiering, grunnundersøkingar og planlegging. Det hastar å få realisert prosjektet, seier Naustdal.

– Her er mange store plantefelt med gran som nærmar seg hogstmoden alder, altså 60 år. Grana veks, og viss ho ikkje blir tatt ut, tar stormen henne, forklarer Naustdal.

Agnar Naustdal er innleigd prosjektleiar for utvidinga. Han meiner utvidinga hastar, på grunn av stadig mindre kaikapasitet i regionen. Målet framover er å sikra finansiering. Foto: Kristian RisangerAgnar Naustdal er innleigd prosjektleiar for utvidinga. Han meiner utvidinga hastar, på grunn av stadig mindre kaikapasitet i regionen. Målet framover er å sikra finansiering. Foto: Kristian Risanger

Blir meir berekraftig

I tillegg til kostnadskutt, trekk prosjektleiaren fram klima. Større båtar som fraktar meir kuttar sjølvsagt utslepp.

– Det miljømessige aspektet er heilt sentralt her. Å redusera transporten vil redusera dieselforbruket. Me har ikkje noko alternativ til denne utvidinga, seier Naustdal.

Av dagens bruksområde trekk Naustdal fram bygg, papir, vedproduksjon og flisfyring, i tillegg til nye variantar som dyrefôr, som Noregs miljø- og biovitskaplege universitet testar ut.

Andre aktørar driftar

Gran og furu finst altså i store kvanta i regionen, klare til hogst. Det gjer ikkje skogeigarane sjølve, men aktørar som AT Skog. Dei høgg, fraktar og sel. Tømmeret går andre stader på Vestlandet, til Danmark og Tyskland.

Transport- og logistikkleiar i AT Skog, Inga Ø. Apeland, har ansvar for tømmer som skal på bil og båt frå Rogaland og Vestland fylke. Apeland har nesten 25 års erfaring med planlegging av nettopp denne typen frakt.

Transport- og logistikkleiar i AT Skog, Inga Ø. Apeland, har sett store endringar i bransjen gjennom nesten 25 år. – Kan me få til effektiv logistikk på bil og båt, kan me tilby betre pris på tømmeret, seier Apeland. Foto: Kristian RisangerTransport- og logistikkleiar i AT Skog, Inga Ø. Apeland, har sett store endringar i bransjen gjennom nesten 25 år. – Kan me få til effektiv logistikk på bil og båt, kan me tilby betre pris på tømmeret, seier Apeland. Foto: Kristian Risanger

Går innom færre kaiar

Den største endringa i løpet av Apeland si karriere er meir effektiv frakt. Det er ikkje berre det at fartøya er større.

– Du lagar lasterotasjon på færre kaiar, altså at større båtar går innom færre kaiar, og dermed slepp ein å gå så langt for å bli fullasta. Det er derfor dette prosjektet er så viktig, seier Apeland.

Større kai gir betre pris

Ho ønskjer meir rasjonell last på båtane. Utviding av eigen kai på Utbjoa er dessutan viktig på grunn av si strategiske plassering.

– Dess kortare det er å køyra tømmeret til nærmaste kai, dess meir kan me ha på kaifront, og dess mindre kostnad blir det per kubikk. Kan me få til effektiv logistikk på bil og båt, kan me tilby betre pris på tømmeret for skogeigarane, seier Apeland.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details