Reiser til Andøya Space med eigen satellitt

Desse elevane på Ølen VGS er trekte ut til norgesmeisterskap i tekonologiprosjektet CanSat. No blir det tur til Andøya Space der elevane skal få sende ut sin eigenproduserte satellitt og ikkje minst sjå kva målingar den klarer å utføre i atmosfæren.

Gjengen er klar for norgesmeisterskap i CanSat. Bak F.v. Stina H. Tveita, Vårin Stråpa Grimås, Kaja Skjold Steinsland, Sigrund Risøy, Lilja Storm Gravelsæter, Helene Handeland, Eivind Apeland Karpeid, Erlend Kambo Hersvik. Framme F.v. Astrid Skogen, Tonje Aakre Stålesen, Emily Alvseike Johanson, Olivia Tomaszewska. Ikkje til stades: David Irimia Hågensli. (Foto: Kristian Risanger)

Elevane i Ølen er endeleg klare for å teste ut sitt store teknologiprosjekt. Dei er nemleg med i prosjektet CanSat der målet er å lage ein satellitt som får plass i ein brusboks, og deretter sende den opp 1000 meter i atmosfæren for å gjere diverse målingar. I slutten av april blir det noregsmeisterskap ved Andøya Space, og vinn dei der blir det vidare tur til den europeiske CanSat-konkurransen som blir arrangert av European Space Education. 

– Dette er kjempespanande, me er veldig glade for at me fekk sjansen til å delta i dette skuleprosjektet. Me gler oss til å sjå om satellitten fungerer, fortel Emily Alvseike Johansson, Sigrun Risøy og Astrid Skogen. 

Emily Alvseike Johanson viser fram ein av satellittane som skal testast i vår. (Foto: Kristian Risanger)

Bidrar til forsking

Alle tre gruppene som har jobba med satellittprosjektet i Ølen er trekt ut til noregsmeisterskapet, og gruppene har ulike mål med satellittane sine. Alle må ha som mål å måle høgde, trykk og temperatur, i tillegg skal gruppene velje seg eit sekundært mål for satellitt-forsøket. Gruppene i Ølen har blant valt å måle metan, UV-innstråling og Co2. 

–  Målet er at resultata me får inn skal kunne brukast til vidare forsking, me skal blant anna sjå på om det er ulik grad av forureining i by og bygd, og kva som har skjedd med UV-stråling etter den industrielle revolusjonen. 

– Dette er jo aktuelle problemstillingar med tanke på det grøne skiftet, meiner jentene.

Støtta av næringslivet

Resultata skal munne i ein prosjektrapport til slutt. Elevane meiner det er eit interessant og lærerikt prosjekt, der ein ikkje minst får prøve noko som verkeleg kan gi resultat. Om dei kjem til å jobbe med teknologi og forsking seinare er derimot meir usikkert. 

– Programmering kjem uansett til å vere ein større del av alle utdanningar og generelt i arbeidslivet. Me har ein fordel der sidan me har fått jobba med dette, meiner dei. 

– Og ikkje minst har me lært mykje om å jobbe i team, og korleis ein kan bli gode på samarbeid, slår dei fast. 

Turen til Andøy Space i slutten av april er finansiert av bedriftene Hatteland og Knudsen Dørfabrikk, og i tillegg til å oppleve Nord-Noreg gler elevane seg til å endeleg skyte satellitten opp i lufta, og sjå om teorien fungerer i praksis. 

– Me må nok teste det litt heime før me tek turen opp, fortel dei og ler. 

Smak av teknologi

Forskjellen på CanSat og ein «ekte» satellitt er at CanSat ikkje går i bane rundt jorda. Den blir løfta med drone, ballong eller rakett til ein høgde på om lag 1000 meter, og fell deretter ned til bakken med fallskjerm mens den utfører diverse målingar. Lærar ved Ølen VGS, Espen Ellefsen, er imponert over kva elevane har fått til i prosjektet. Han viser til at det var kollega Eydis Dalen som hadde lest om prosjektet og kom med sjølve ideen. 

– Dette er veldig stas, og dei er utruleg flinke. Dei har organisert og jobba med dette på ein kjempegod måte. Dei lærer sjølvsagt mykje, men eg trur dei og sit igjen med ein fot innføre teknologiverda og betre forståing på kva dei kan bruke dette til. Og kven veit – kanskje me vinn finalen og kjem vidare. Det hadde vore veldig kjekt, slår han fast. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details