Rådebank-effekten

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har det vore ein auke i talet på kvinner i bilbransjen i Noreg. Eirin Mandt Gardsteig ved Etne bilservice, tok nyleg fagbrev som bilmekanikar, med høgste karakter. Ho skjønar godt at fleire jenter får augene opp for yrkesvegen.

Eirin Mandt Gardsteig frå Vinje har funne seg godt til rette hjå Etne bilservice AS.

– I utgangspunktet var det veldig tilfeldig at eg valde bilmekanikarfaget. Eg hadde først ein draum om å bli konditor eller kokk. Så endra eg meining og starta på elektrolinja etter ungdomsskulen. Der fann eg fort ut at elektrikaryrket ikkje var noko for meg, og byta om til Teknologi- og industrifag. Eg har alltid likt bilar og har ein far som køyrer lastebil. Faget viste seg å vere midt i blinken, eg fekk mange gode venskap på skulen og trivdes godt, fortel tjueeinåringen.

Gardsteig kjem opprinneleg frå Åmot i Vinje kommune og gjekk på vidaregåande ved Dalen vgs. Med kjærast frå Skånevik, kom ho på tanken om å søke lærlingplass på denne sida av Haukeli. Etne bilservice hadde allereie ein lærling på det tidspunktet, men valde likevel å ta inn ein til.  

– Me har vore godkjend lærebedrift sidan 2017 og hatt lærling sidan det. I etterkant av nedlegginga av Etne vidaregåande har det vore færre søkarar då elevane må til Haugesund for å ta VG2 køyretøy. Me fekk eit godt inntrykk av Eirin då ho tok kontakt og er imponerte og stolte over kva ho har fått til i læretida, fortel dagleg leiar Jostein Grindheim.  

Garantert læreplass

I løpet av læretida fekk Eirin også ei dotter og var vekke i permisjon for ein periode. Det baud på ingen problem, tvert i mot.  

– Det er ikkje så mange tunge løft som ein gjerne skulle tru, så å vere gravid som bilmekanikar er ikkje noko problem. I tillegg jobbar me i eit sosialt miljø og er flinke til å hjelpe kvarandre om det skulle vere noko. Eg har heller ikkje motteke nokre negative reaksjonar på at eg er jente. Dei fleste syns det er tøft, eller reagerer ikkje på det.  

Eirin kjem sjølv frå heimfylket til NRK-serien Rådebank, kor rånemiljøet i Bø er ramma for handlinga. Fleire av hovudpersonane i serien jobbar innan bilfaga, og det er særskilt ein karakter ein lurar på om har sett i gong ei jentebølge. I serien jobbar karakteren Hege som billakkerar, og både serieskaparane og opplæringskontoret for bilfag i Telemark, har merka ein auke i henvendelsar frå jenter som vil inn i yrket, ifølgje NRK. Desse tendensane ser ein også hjå Bilbransjens opplæringskontor Haugalandet AS.  


– Dette stemmer godt med inntrykket me sit med. Det er framleis ein klar hovudvekt av gutar som søker bilfaga, men me ser også ein vekst i talet på kvinnelege søkarar på VG2 køyretøy. Dei jentene som gjennomfører dette på ein god måte, er garantert læreplass, fortel dagleg leiar Knut Rørtveit.  

Eirin har følgt serien med interesse, og håpar den kan motivere fleire jenter til å ta steget inn i yrket.  

– Det er veldig kjekt om Rådebank kan bidra til at folk får augene meir opp for yrket og dei moglegheitene som finst her.  

Øyvind Kringlebotten og Jostein Grindheim i Etne bilservice AS er godt nøgde med å ha med den dyktige bilmekanikaren vidare med på laget. 

Ein variert arbeidskvardag

Frå 2015 til 2020 har talet på kvinnelege bilmekanikarar auka frå 273 til 453. Dei fleste jobbar i 100 prosent stilling. Samstundes er framleis berre litt over 2 prosent av norske bilmekanikarar kvinner, ifølgje SSB. Jostein Grindheim ser den veksande interessa hjå jentene som ein styrke for faget.  

– Det er ikkje mange som er som Eirin når det kjem til nøyaktigheit. Dette er eit generelt inntrykk eg sit med av jenter i faget også. Dei har ofte auge for detaljane og gjer ting særs skikkeleg. Yrket har også vore gjennom ei stor utvikling gjennom dei 24 åra eg har vore i bransjen. Før var det nok å handtere eit skrujern og tang, men no vert oppgåvene meir og meir komplekse, med meir elektronikk og avansert teknologi i bilane. Det blir verre og verre å vere god på alt, men då er det fint å ha tilsette som utfyller kvarandre med ulike interesseområde.

For Eirin er det først og fremst variasjonen i oppgåvene som gjer jobben kjekk.

– Me har alt frå store jobbar som motorbyte til mindre som byting av bremseklossar, og favorittbilane å jobbe på er Volvo og Volkswagen. Det er også eit veldig sosialt yrke, me får mykje kursing og skolering, så det er ein jobb der du også heile tida utviklar deg fagleg.  

Fagprøven er tilbakelagd med høgaste karakter, men Eirin legg ikkje skjul på at tida i forkant var nervepirrande. Lærlingansvarleg ved verkstaden, Øyvind Kringlebotten var likevel trygg på at det skulle gå godt.  

– Eirin har vore veldig på frå starten og det har vore veldig givande å følgje ho på vegen. Eg var sikker på at ho kom til å bestå, og det er ekstra imponerande at ho oppnådde meget godt, då det krevjer mykje. At ho også ville fortsette hjå oss vidare, var veldig kjekt.  

No ventar fast stilling i Etne bilservice vidare, då Eirin ikkje var i tvil om at det var beste staden å vere.

– Eg kunne ikkje fått ein betre sjef eller arbeidsplass!  



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details