Inviterer til open veg-dag

Utbetring av strekninga Ølen – Mørkeli startar etter planen opp i 2024. 11. desember inviterer Statens vegvesen til open dag på hjå Medvind24 i Ølensvåg, der råka grunneigarar og andre interesserte er velkomne innom for å få vite meir om prosjektet.

Utbetringa av ulukke-strekninga er sterkt ynskt frå mange hald, ikkje minst for å sikre ein tryggare og breiare veg. No er planane ute på høyring, i første omgang gjeld det strekninga mellom Ølen og Mørkeli. Vi skal også begynne å planlegge utbetring av den andre delen av strekninga, nemleg mellom Mørkeli og Gjerde. 

Planleggingsleiar i Statens vegvesen, Elisabeth Danielsen. (Foto: Statens Vegvesen)– På open dag håpar me å vere tilgjengelege for grunneigarane som har spørsmål, og her kan me gå gjennom teikningar i prosjektet, og presentere problemstillingar rundt avkøyrsler med meir, fortel planleggingsleiar i Statens vegvesen, Elisabeth Danielsen. 

Ope for alle

Både ho og prosjektleiar Arild Vallestad skryt over møtet dei arrangerte i mars 2022, her kom det mange gode innspel som har blitt med vidare i prosjektet. Vegutbetringa har som hovudmål å sikre betre trafikktryggleik, med betre vegbreidde, grøfteprofil og ein forsterka midt – og kantoppmerking. 

– Me vonar alle som er interesserte kjem innom oss i desember, arrangementet er ope for alle, seier Vallestad medan Danielsen peikar på at eit fysisk møte med grunneigarane kan ha stor verdi. 

– Det er viktig at dei som er råka av dette får lov til å stille spørsmål, og me trur jo at det er lettare å forstå planane dersom dei får snakke med oss, og ikkje berre sjå teikningane på ei nettside, slår ho fast. 

Betre kryss

I tillegg til sjølve vegutbetringa skal ein også bygge to kanaliserte kryss, eit på Fikse og eit i Hiksdal, også dette for å gjere trafikkflyten tryggare og kryssa meir oversiktlege. Arbeidet skal etter planen starte opp i 2024. 

– Truleg tar det 2 – 3 år før me er i mål, når me skal utbetre ca. fem kilometer med veg tar det naturlegvis litt tid, seier Vallestad. 

11. desember kan du treffe vegvesenet i Ølensvåg frå kl. 12 til 18 på kvelden.

 


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details