Håpar mange brukar lokalbutikken

Handle lokalt-dagen i morgon er viktigare enn nokon gong. – Eg håpar mange set pris på at me har levande lokalbutikkar framover, no er det verkeleg tøffe tider med mange høge kostnadar, seier Gunn Vikingstad hjå Joker Vikebygd.

Ho får full støtte hjå kollegaene på Åkrafjordtunet og Matkroken Imsland. Laurdag 15. oktober blir det nasjonal aksjonsdag for lokal handel. På denne dagen blir det gode tilbod i alle lokalbutikkar. På Matkroken Imsland vil ein få både kaffi og kake, samt gode tilbod på utvalde varer i butikken. 

– Denne dagen er viktigare enn nokon gong. Me i Distrikts-Noreg utan store volum og store marknadar, der me gjerne ikkje har noko å falle tilbake på blir ekstra hardt ramma av dei auka utgiftene, seier John Karsten Hustveit i Åkrafjorden. 

Høge straumprisar

Gunn Vikingstad i Joker Vikebygd fortel om straumprisar i juli, august og september som er høgare enn heile fjoråret. Ho vil ikkje bruke peikefingeren for å få folk til å handle i butikken, men håpar mange no set pris på at lokalbutikkane klarer seg framover. 

– Det betyr noko for oss at folk støttar oss no framover, det blir mange uforutsigbare punkt framover. Eg håpar regjeringa kjem med nokre tiltak som er retta mot småbedriftene rundt omkring i landet, seier Vikingstad. 

Ho viser til at butikken ikkje kjem innafor regjeringa lanserte straumpakke.  

Vil redusera handelslekkasje

«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen i regi av Distriktssenteret sitt Merkur-program. Kampanjen set søkelys på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handelslekkasje og stimulere til meir lokal handel. 

Mange daglegvarebutikkar i Sør-Norge slit med rekordhøge straumprisar. Fleire kjøpmenn frykta at dei må legge ned dersom butikkane ikkje får ei eller anna form for straumstøtte.  Nærbutikkar over heile landet opplever også at kundane har fått dårlegare økonomi og blitt meir opptatt av prisane på daglegvarer. I nokre tilfelle har det ført til at butikken på bygda taper terreng til lågprisbutikkar i kommunesenter. 

Gode tilbod

– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Gjennom denne kampanjen ønskjer vi å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda og kva konsekvensar det vil ha dersom butikken blir lagt ned, seier avdelingsdirektør i Distriktssenteret, Steinar Fredheim, i ei pressemelding.  

Butikk- og bygdeutvikling

Distriktssenteret forvaltar Merkur-programmet, som står bak kampanjen. 

– Merkur-programmet jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar og skape eit miljø rundt lokalbutikken. Dette er bygdeutvikling gjennom butikkutvikling. Utan butikk, er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Steinar Fredheim. 

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details