God drift i ny verkstad hjå Nonslid Bilservice

Olav Nonslid er dagleg leiar i Nonslid Bilservice AS som held til i Skjold. I fjor opna dei ny verkstad på Frakkagjerd måndagen etter nedstenginga av landet. Trass dette har drifta gått godt og Nonslid er optimistisk.

Nonslid Bilservice spesialiserer seg på mekking av personbil og bubil. Verkstaden i  Skjold har haldt på sidan 1964 og har fem mekanikarar og ein lærling. På Frakkagjerd er dei nå to mekanikarar, ein lærling, ein hjelpearbeidar og ein kundemottakar. Mekanikarbedrifta har eit nært samarbeid med Kroken Haugaland, tidlegare Haugaland Caravan, og såg det nødvendig å koma nærare bubilutseljaren på Frakkagjerd. Dei bestemte seg difor for å kikka etter lokale dei kunne ha verkstad i ut mot Haugesund. 

– Me hadde eigentleg funne eit anna bygg, men det blei ikkje noko av, så kom dette lokalet heilt tilfeldig. Så etter litt om og men bestemte me oss for å begynna der. Hovudsakleg opna me ny verkstad på Frakkagjerd for å koma nærare Kroken Haugaland. Der skulle me skru masse bubil og litt personbil, men no har det eigentleg blitt motsett, fortel Nonslid. 

Den nye verkstaden på Frakkagjerd. Fotograf: Ole Johan Nonslid

Opninga skjedde midt under utbreiinga av koronapandemien i Noreg, men Nonslid fortel at dei har klart seg godt trass pandemien.

– Me hadde alle godkjenningar og var klare veka rundt 12. mars. Så kom Erna Solberg og sa at nå skal Noreg stenga ned, me vart difor spente på om me hadde kundar på måndagen, men det hadde me og det har me hatt sidan. Drifta av den nye verkstaden har gått over all forventing. Me starta med eit greitt underskot fyrste året, noko som var forventa, og kjem ut av dette året med eit greitt overskot, fortel Nonslid. 

– Det var nokre som utsette timane hjå oss då dei var usikre på utviklinga av pandemien. Dette var då helst folk i 60–70-åra som var engstelege. Heldigvis utsette dei berre timen så det vart ingen avbestillingar og folk som forsvann, legg han til.

Nonslid fortel likevel at det største problemet hjå dei har ikkje vore korona, men mangelen på fagfolk. Han fortel at det er mangelen på norske fagarbeidarar som er det største problemet. I tillegg har lønningane spesielt innan transport-bransjen gått opp i land som Polen og Litauen. Det fører til at mange av dei gode mekanikarane som er der ifrå reiser heim eller blir heime då det er blitt betre arbeidsvilkår der. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details