Suksess-historier og framtidsspenning

Handelsstanden i Etne er litt annleis enn mange andre sentrum. Men korleis vart eigentleg handelsåret 2022? Me har møtt nokre av butikkane som opplever sterk vekst, og nokre som er ekstra spente når dei kikkar inn i glaskula for neste år.

Ester Osvåg starta som ekstrahjelp på Princess-butikken som 13-åring. I dag er ho leiar ved Etne Senter, og brenn for lokalbutikkane i kommunen. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Ester Osvåg er leiar på Etne Senter, eit kjøpesenter som ligg plassert midt i sentrum og som har hatt vekst i omsetnad heilt sidan oppstarten i 2006. I sitt første driftsår hadde dei vel 114 millionar kroner i omsetnad, i 2022 går ein mot eit førebels resultat på 225 millionar kroner. Noko som er ein liten nedgang frå året før. 

– 2022 var eit heilt spesielt år, det var korona og folk handla til hyttene sine og pussa opp heime. Ingen kunne reise utanlands og alt var litt unormalt. Me samanliknar oss meir med 2019, det er liksom det siste året som var normalt, seier Ester som møter oss på utsida av senteret i knallgrøn kåpe. Ho er klar for ein spanande vår på senteret ho brenn slik for. 

– Det er motiverande å sjå at omsetnaden totalt på senteret veks, det er ei drivkraft i seg sjølv. 

Om lag 390 000 menneske er innom Etne Senter i løpet av eit år, no kan og senterleiar Ester Osvåg gle seg over at senteret husar heile 17 butikkar. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Besøkstala på senteret har vore stabile i mange år, om lag 390 000 menneske er innom senteret i løpet av eit år. No på nyåret har også senteret vakse frå 15 til 17 bedrifter, ein ny kafe er på plass og snart opnar Haugesund Sparebank opp avdeling i 2. etasje på senteret. 

– Koronatida vart ein vekkar for oss, eg var i permisjon når me måtte stenge ned dørene i 2020. Då eg kom tilbake året etter var det andre arbeidsoppgåver som sto i fokus enn tidlegare. Nå var det spriting av hender, munnbind og restriksjonar som gjaldt. 

– Men mange av butikkane kom opp med kreative løysingar for å få produkt ut til kundar, som VIPPS-butikkar, eller å køyre ut til kunden. Noko av denne ekstra-servicen trur eg det er mange som har med seg framleis i kvardagen. 

Sjølv har Ester vore med senteret heilt sidan den spede starten. Ho starta som ekstrahjelp i den lokale Princess-butikken allereie som 13-åring og fekk vere med over til senteret.

Ein dag sa Tone som då var senterleiar «du kjem til å sitje i min stol ein dag». Og i 2017 var det nettopp det som skjedde, då tok Ester over den utfordrande leiarjobben.

– Dette er meir enn ein jobb, og senteret har betydd så mykje for heile karrieren min. No blir det kjekt å kunne arrangere det me ynskjer og få god aktivitet på plass i det nye året. I koronaåra var det mange arrangement som vart sakna, det var spesielt å sjå oppmøtet då Bondens marknad starta opp igjen i 2021. Folk stima saman då dei kunne. 

Ester meiner plasseringa av senteret er viktig for at besøkstala er så gode. 

– Me ligg tett på Europavegen, det er viktig. I tillegg har me god parkeringsplass der det er lett å køyre både inn og ut. Det trur eg betyr mykje. Me har og ein god miks av butikkar, og mykje av det folk treng. Då er det ikkje så lettvint å køyre til byen. Me treng heile spekteret, og er avhengige av kvarandre i heile sentrum. Det er berre positivt å få fleire butikkar å spele på lag med. 

Sjølv om Etne Senter ikkje er så prega av kostnadsauken og inflasjonen som rører seg i samfunnet så veit også Ester at 2023 kan bli eit spanande år for mange. 

– Det betyr sjølvsagt noko for kjøpekrafta til dei som er kundar, men og for oss som skal drive. Me har og sett i gang nokre tiltak, spesielt for å spare straum. Våren blir spanande, slår ho engasjert fast. 

Butikksjef Jon Oddvin Moe trur den store geografiske marknaden er noko av grunnen til at butikken tronar på førsteplass i omsetnad i regionen. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Vegg i vegg med senteret ligg Bondekompaniet Etne, ein butikk som i fjor fekk 1. plass i omsetnad i sin region. Butikksjef Jon Oddvin Moe forklarer noko av suksessen med at dei har kundar i eit stort geografisk område, og at balansen mellom å selje til landbruket og privatmarknaden gir mange moglegheiter. 

– Me har faste bilar på begge sider av Hardangerfjorden, og køyrer frå Utne til Suldal og Røldal. Då blir marknaden stor, i tillegg ligg me godt synleg her i Etne slik at mange i nærområdet også veit om oss og brukar oss. 

– Det er lett å svinge innom her på veg til hytta, og så må me ikkje gløyme dei lokale bøndene. Dei er veldig viktige, sjølv om bruka er blitt større og drifta meir automatisert så treng ein gjerne minst like mykje driftsutstyr som før. Målet vårt er å vere ein lønnsam partnar for landbruket. 

Jon Oddvin meiner det er viktig for butikken å ha fleire bein å stå på, noko som og bidreg til ein sunn økonomi. I dag har Bondekompani-butikken 12 fast tilsette og eit variert utval av varer. 

– Det betyr at me har alt frå hundefor, arbeidsklede og det meste bonden   treng. Alle konsumentvarene våre er og linka opp mot hytte, hage og hus. Me har vore heldige med 2022, det ser ut til å bli eit godt år. Og det trass i at leveringssituasjonen på enkelte ting har vore utfordrande. 

Han viser til at folk under koronatida var meir heime, og dermed og brukte tid og pengar på hus og hytte. Jon Oddvin er likevel optimist med tanke på handelsstanden i Etne. 

– Etne klarer seg, me har vore gode på handel lenge, og miljøet her bra. Slik eg oppfattar det er det ein attraktiv stad å stoppe og handle for mange. 

Møbelringen Etne merkar at kundane truleg no får litt mindre å rutte med, og kanskje ikkje unner seg nye møblar med ein gong. Butikkmedarbeidar Rita Kristine Aaker viser fram noko av det nye i interiør-og møbelbutikken. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Mange av butikkane i Etne er spente på korleis auka kostnadsbilete vil påverke handelen i året som kjem. Dei ser og at ulike bransjar reagerer ulikt på svingingar i marknaden. Ole Strømø hjå Møbelringen Etne, som held til på Etne senter, merka ein nedgang både på kundar og sal i fjor. Han trur dei driv i ein bransje der ein raskt merkar konjunkturendringar.

– Folk strammar litt inn, og fleire tenkjer kanskje at dei kan vente med å kjøpe nye møblar. 2023 kjem nok til å bli eit år som kan bli tøffare for mange med stor auke i lånekostnadane, høgare straumkostnadar, dyrare mat med meir. Eg er likevel optimist, men me bør nok passe på å ikkje ta inn for mange varer til lager slik at me bygger opp varelager. 

– Det er ikkje så mykje å gjere med dei faste kostnadane, bilar som køyrer, straumen me brukar med meir. Me har allereie skifta all grunnbelysning til LED. 

– Framleis er det ein del hytter som blir bygde og ferdigstilte, som vart bestilte under koronaperioden. Dette påverkar bransjen vår også, og har gitt oss ein god del jobb dette året. Ole fortel og at stadig fleire orienterer seg først på nett og så godt som har bestemt seg om kva dei ynskjer å kjøpe før dei kjem inn i butikken. 

Erling Ronæs har sett det før. I nedgangstider er sko gjerne noko folk faktisk føler dei kan unne seg. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Samstundes som Møbelringen slit med salet kan dagleg leiar i Eurosko Baardsen, Erling Ronæs, fortelje om eit rekordår og den største omsetnaden butikken nokon gong har hatt. 

– Det er ikkje alt me forstår, men dette har me sett før. Men eg trur vår bransje veks når det blir tøffare tider for kundane. Då brukar dei gjerne pengar på rimelegare produkt, som  sko er samanlikna med mykje anna, seier Erling.

– Veksten vår er ikkje så veldig stor, men den har gått rette vegen.

Han trur handelen i Etne tener på at dei ligg såpass langt unna bysentrum at mange ynskjer å nytte seg av dei lokale butikkane. Han viser og til at helgetrafikken som fer forbi ofte stoppar, og dermed gir pengar i kassen. 

– Du kan jo seie at netthandelen er ein konkurrent, men i løpet av våren skal me og få vår nettbutikk opp å gå, då vil me og tene på det. Eurosko har hatt løysinga tilgjengeleg ei god stund, men eg har ikkje kopla meg på før, eg ville gjerne sjå kva erfaringar andre gjer seg med butikken først. 

– Eg har tru på at 2023 blir eit godt år, seier han optimistisk.

Optikar Lillian Handeland er ei av dei som tar i mot kunden som treng råd om briller eller linser. I fjor opna og Interoptik-butikken i Etne avdeling i Ølen. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Sigrid M. Sævareid er dagleg leiar i Interoptik som held til på Etne Senter. I tillegg har dei opna avdeling i Ølen. 

– Når det gjeld omsetnad har me klart nesten det same som i 2021, det er me veldig godt nøgde med. Me set stor pris på den lokale kunden, og sjølv om eg og trur me går mot tøffare tider så er det no eingong slik at alle treng briller eller linser. Framover vil kanskje fleire velje billigare løysingar enn dei ville gjort elles, og me har eit godt utval til dei og. 

I 2022 satsar også butikken på å opne avdeling i Ølen, som har ope tre dagar i veka. 

– Det kan godt hende det var sprekt, men tida var rett for oss til å vere til stades der og, sidan me har mange kundar i begge kommunane. 

– Me har to kjempedyktige optikarar, det er dei som gjer jobben, seier ho og ler. 

Hjå Søstrene Lye er det vårstemning i butikken. Kari Janne Lye fortel at interiørsalet er noko av det som går ned når folk får mindre å rutte med, men at garnsalet til dømes held seg oppe. Folk treng noko dei kan bruke tida si på. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Hjå Søstrene Lye bognar det med blomar, interiør og friske vårfargar. Butikken som ligg i sentrum har kundar frå heile distriktet. Og butikksjef Marlene Molnes Lye er takknemleg for alle trufaste kundar som kjem innom gong etter gong. 

– Samanlikna med dei siste koronaåra så har nok omsetnaden gått litt ned i fjor, så dei som handlar her betyr mykje. 

– I 2023 må me fortsetje å stå på, for oss er det viktig å ha eit godt utval til kundane, følgja med på trendar, halde fram å inspirere på Instagram og Facebook og ikkje minst yte god service. Me håpar me kan lage mange blømande gleder i 2023. 

I fjor sommar feira butikken 10 år, no er dei klare for ein ny epoke. 

– Det har vore ti kjekke og lærerike år, med mykje arbeid. Me håpar på mange kjekke år til, for me har jo verdas kjekkaste jobb, seier Marlene. 

Audun Stene er spent på korleis 2023 blir for butikkane i Etne, spesielt tenkjer han på små butikkar med få tilsette. Sjølv er han og Fugl Fønix Hotel oppteken av å kunne snu seg rundt etter kva marknaden treng. (Foto: Hanna Maria van Zijp)

Som leiar i Etne Sentrumsforeining  forstår Audun Stene godt kva dei lokale bedriftseigarane snakkar om. Han trur 2022 jamt over har vore eit greitt år for dei fleste, men at det svingar ein del mellom ulike bransjar.

– Mange vel nok å vente med større investeringar no, dei skifter kanskje ikkje ut sofaen eller TV-en så ofte nett no. Folk prioriterer litt annleis, det merkast nok raskast hjå dei som sel dyrare produkt. Dei som driv i lågprissegmentet merkar det ikkje så mykje, trur han. 

Han fortel om ein handelsstand som no er klar for å legge alle etterdønningar etter koronaen bak seg, og som ser framover i 2023. 

– Sjølv om eg verkeleg håpar det blir eit godt år, så er eg nok litt uroa for dei mindre butikkane som ofte er sjølvstendige. Dei har kanskje ikkje bygd seg opp så mykje kapital og har ein tøffare kvardag med å få alt til å gå i hop. Dei auka kostnadane vil bli ekstra tøffe for dei, og meir enn nokon gong er det nok viktig at folk brukar dei lokale butikkane me har, meiner Audun. 

– Men når det er sagt så er det mykje bra som skjer i sentrum, og me er heldige i Etne som har så mange ulike butikkar og bedrifter. Det er mykje som skjer, og kanskje lys i fleire butikk-lokale enn på lenge. 

Audun er og dagleg leiar på Fugl Fønix Hotel, og ser no verdien av å ha fleire bein å stå på. 

– Me har alltid snudd oss litt rundt etter kva marknaden treng, både innan restaurantdrift, hotelldrift og anna. Det trur eg er viktig for å klare seg godt. Me ynskjer å vere ein open plass for alle, ikkje berre for dei som kan betale dyrt. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item

on test

Aktuelt detaljer

/aktuelt-details