Gründerpraten

Blømande gründer

For 14 år sidan gjorde Bjørg Haraldsen Bakke det mest impulsive ho har gjort nokon gong. Då vart ho brått eigar av sin eigen blomebutikk.

Bjørg Haraldsen Bakke er optimist for framtida til lokalbutikkane, sjølv om ho ser utfordringar. (Foto: Kristian Risanger)

– Eg har ikkje for vane å vere så impulsiv så dette betydde nok noko spesielt, seier ho og ler med ein smittande latter. Det var i 2008 at ho gjekk frå å jobbe på helpdesk hjå Hatteland, til å stå som eigar av ein blomebutikk.

– Eg hadde nok eit ønske om å jobbe med noko meir kreativt, og har alltid vore interessert i interiør blant anna. Eg hadde og alltid hatt lyst til å jobbe i butikk. Så då denne butikken kom for sal, sjekka eg opp litt, og så heiv eg meg med i bodrunden.
Brått var ho eigar av Ølen Blomster, og med det byrja ein heilt ny arbeidskvardag.

Mykje jobb

– Eg ante jo ikkje at det førte med seg så mykje arbeid, eg trudde vel at eg skulle vere på jobb frå 9 på morgonen til 17 på ettermiddagen, i staden var det mange dagar eg ikkje var heime før klokka 23 på kvelden. Eg er glad ungane ikkje var små, då hadde dette aldri gått, seier Bakke og nemner i forbifarten at far i huset måtte trø til rundt middagslaginga etter kvart.

– Det var mykje jobb, og veldig mykje nytt å setje seg inn i. Eg jobba og mykje åleine i starten, så fritid blei det fint lite av. I dag har eg fleire deltidstilsette, me likar oss best når me er på jobb ilag, då har me det veldig triveleg. Nett no treng me nokon som kan jobbe kvar tredje helg, og litt etter behov, slik at eg og Vigdis Haga Svendsbø slepp å jobbe annakvar helg. Det er i meste laget.
Bakke legg vekt på at ein aldri har heilt fri når ein driv for seg sjølv. Ho veit at det er mykje meir arbeid enn ein trur på forhand, og ikkje minst at ein har ansvar for alt åleine.

– Det er mykje som skal bestillast inn kontinuerleg, sidan snittblomar og planter er ferskvare. I tillegg kjem gåver, lys, serviettar og masse utstyr som me treng til å blomebinding og innpakking. Eg har ein rekneskapsførar som har kontroll på rekneskapen, men det er likevel mykje papirarbeid eg gjer sjølv, som å fakturere, betale rekningar med meir.

Drøymer om fulle lokale

Etter 14 år i jobben forstår ho godt at mange kan bli utslitne av yrket. Om motivasjonen ikkje er på topp heile tida, er ho likevel optimist og tenkjer at bygda treng blomebutikken. Då nye Ølen Torg vart etablert tok ho også avgjersla om å bli verande  på Ølen Senter.

– Eg måtte berre ta ei avgjerd, og ingen veit korleis dette blir sjåande ut til slutt. No er det komne nye eigarar, som eg har stor tru på. Me gler oss veldig til å få Christiansen Bakeri bort her, og håpar folk vil kjøpe meir enn berre ein kaffikopp når dei går på kafebesøk, slik at dei blir verande her. Det er lenge sidan me har hatt kafé på senteret, og det har vore sårt sakna.

– Eg drøymer nok om at alle lokala her blir fylte opp, slik at trafikken av kundar aukar. Lokalbefolkninga er flinke til å bruke butikken, men eg har og hyttefolk, ferierande og forbireisande innom. Me får og ein del bestillingar via nettsida og telefon.

Jul og gravferd

Utanom julesesongen som ho no går inn er gravferder og sorgbinding den aller største delen av drifta økonomisk. No håpar ho folk også denne førjulstida vil nytte seg av lokale butikkar.

– Dette er heilt klart den viktigaste månaden for meg, utan jula og sorgbinding kunne eg nok ikkje ha drive. Ein driv ikkje blomebutikk for å bli rik, meiner Bjørg.

Ho blir motivert av å drive med det kreative faget. Då ho overtok butikken jobba den eine av dei tidlegare eigarane, Ingunn Lothe, saman med henne nokre månadar.

– Etter at ho slutta prøvde eg å få tak i ein blomedekoratør, men lukkast ikkje med det. Så då måtte eg klare meg sjølv, eg har alltid likt å vere kreativ, og har vel litt sans for form og farge, og det må jo ha gått greitt sidan eg framleis er her. Det kjekkaste med å drive butikk her er alle dei kjekke folka eg har blitt kjent med opp gjennom åra. Mange stikk innom for å prate, det er alltid koseleg, seier ho.

Med tanke på butikken si framtid har ho og eit ynskje.

– Om dei lokale butikkane skal ha livets rett, er me avhengige av at folk brukar dei. Det er snart ikkje faghandlarar igjen, berre store kjedar som sel «alt», inkludert blomar og gåver. Eg trur ikkje folk tenkjer over det når dei handlar, at mykje av det dei før handla hjå faghandlarar nå blir handla andre stadar. Det er så enkelt å putte ei plante eller ein bukett i korga når ein skal handle daglegvarer.

Tips til gründeren

– Har du eit tips til andre som har lyst til å starte for seg sjølv?

– Ein må i alle fall vilje det 110 prosent og vere villig til å jobbe like mange prosent. Men eg vil ikkje skremme nokon, det er kjekt å drive for seg sjølv når ein held på med noko ein likar og brenn for.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details