Bilvrak gav ærespris

For Leiv Magne Larsen (64) har heile arbeidslivet handla om bilvrak og bildelar. No er han heidra med æresmedlemskap i bransjeforeininga Norges Biloppsamleres Forening (NBF).

Leiv Magne Larsen har skapt ei suksessfull bedrift av bilvrak, no er han heidra med ærespris frå Norges Biloppsamleres Forening (NBF). (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

Leiv Magne er gründeren, kremmaren og bildeleseljaren som gjennom 39 år har drive Kaldheims Bildeler i Sandeid. Gjennom desse åra har det aller meste forandra seg mykje, i starten skrudde «alle» på sin eigen bil, og kjøpte brukte delar for å spare pengar. I dag går folk på bilverkstad, og bildeleseljaren må stole på at verkstadane vil kjøpe brukte delar som dei kan selje vidare. Likevel er det framleis bilinteresserte som søkjer etter delen dei treng frå sofakroken, høgdepunktet er at alle delane no er søkbare digitalt.

–  Den digitale søkebasen er det aller største som har skjedd i denne næringa. No kan ein søkje etter kva det skulle vere, og få tak i delar over heile landet. Det forandra alt, seier Leiv Magne lunt frå heimen sin i Sandeid.

17 år gamal starta Leiv Magne bilkarrieren sin som lærling hjå Kaldheim Auto. Etter den tid har han berre hatt eit lite avbrekk frå bransjen, og då som seljar av mjølkeanlegg hjå Alfa Laval. I 1983 starta Kaldheim Auto opp avdelinga Kaldheims Bildeler, berre tre år etterpå vart det eit sjølvstendig aksjeselskap med Per Kaldheim og Leiv Magne Larsen som aksjonærar.

–  Og det blei nokre fantastisk fine, men og travle år. Kvar einaste dag etter har handla om å skaffe gode delar og telefonen har ringt heile dagen. Då må ein vite kor ein får tak i delane, og ein må sikre gode prisar. Ringte folk før klokka 14 så hadde dei delen dagen etterpå, det er ein hard konkurranse der ute.

–  Me sender årleg i snitt 4000 pakkar ut av kommunen, det er heilt merkeleg å tenkje på. 

Leiv Magne Larsen meiner den digitale utviklinga i bransjen, der alle delar no er søkbare på nett er det største som har hendt i bransjen. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland). 

–  Eg er vaksen opp på gard, men ville gjerne prøve noko nytt, seier Leiv Magne om kvifor han hamna i nettopp bildelebransjen.

Etter nokre år på Stord flytta han tilbake til Sandeid saman med kone og eldstemann, som då var eit år gamal. Med bilinteressa og ei kremmarånd, som truleg ligg i blodet, var han klar for å jobbe med bildelar, og det vart meir eller mindre heilt naturleg å satse på Kaldheims Bildelar. I grunngjevinga for æresprisen legg juryen vekt på at Leiv Magne heile vegen har jobba for å styrke omdømmet til bransjen, og ikkje minst for å få plass ei bransjesertifisering og eit styrka samarbeid mellom bildelebransjen og forsikringsbransjen.

–  Me starta tidleg med berekraftsarbeid der me og fekk forsikringsselskapa med på laget. Me opplevde jo at me fekk inn ganske nye bilar som var skada, men der det likevel var mykje bil igjen. Dei delane er ofte like gode som nye, og i dag oppfordrar jo forsikringsselskapa og til at ein skal bruke brukte delar og ta miljøansvar også.

–  Det er utruleg kor mykje som har skjedd med bilane sidan eg starta i bransjen, tenk berre på kor mykje elektronikk det er i bilane no. No må ein ta feilsøk ved kvar minste ting, ingenting fungerer utan den datamaskina. Eg tok fagbrev som mekanikar på ein Volvo Amazon, mange av  ungdommane no veit ikkje kva bil det er ein gong, seier Leiv Magne.

Utruleg nok har han aldri vore lidenskapeleg oppteken av kva bil han eig privat.

–  Nei, det bryr eg meg lite om. Eg er mest oppteken av at bilen fungerer, kanskje det er litt rart. 


Kvar bil hjå Kaldheims Bildeler har sitt nummer, sjølv om bilen er skadd kan det vere mange gode delar igjen på den. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

I NRK-programmet «Sløsesjokket» blir det sett søkjelys på at mange ganske nye elbilar blir vraka sidan kostnaden med å få tak i ny delar blir for høg. I programmet fekk kjendis Jan Thomas og programleiar Christian Strand  omvising hjå ein bildeleforhandlar som fortel at ingen av elbilar eller hybridbilane som står hjå bedrifta er meir enn fem år. Det blir opplyst at grunnen til at bilane ikkje er reparerte er at forsikringsselskapet berre set opp nye deler i skadetaksten og at merkeverkstadar ikkje tillèt bruk av brukte deler på nybil-garanti. Leiv Magne ser likevel lyspunkt.

–  Me leverer heldigvis mange delar til elbilar no, så eg tenkjer faktisk at dette går rette vegen. Etterspørselen aukar, og dette er framtida også for elbilar.

–  Ein annan ting er at eit batteri er tungt, og dermed krevjande å frakte rundt. Men det er liten tvil om at det er mykje å spare på brukte delar. Ta ei brukt bildør til dømes, brukt kan den kanskje koste 2-3 000 kroner, skal du ha ny må du fort opp i 10 000 kroner. Det blir pengar av det.

Han set prisen frå Norges Biloppsamleres Forening (NBF) høgt og syns det er stas at bransjen set pris på innsatsen hans. Faktisk er han berre den sjette i historia som får æresmedlemsskap i den 42 år gamle organisasjonen. 

–  Dette har eg jobba med lenge, og miljøet er ikkje så stort – eg kjenner dei aller fleste som er innom bransjen, over heile landet. Så den prisen var overraskande, men betyr mykje, seier Leiv Magne.  

Sjølv om Leiv Magne Larsen har trappa ned er han framleis innom og tar ein kaffikopp på kontoret, heile livet har han arbeidd med bilvrak og bildelar. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

På grunn av sjukdom er han nå sjukemeld og kvardagane er rolege og annleis. Denne dagen har han nett vore på handelslaget for å handle og slå av ein prat med bygdefolk og naboar, snart skal han setje seg i bilen for å køyre til Ølen.

–  Og ja, me kan sjølvsagt få til fotografering hjå Kaldheim. Eg har tid til det, seier han som dei siste åra har roa kraftig ned. Alvorleg kreftsjukdom sette nemleg ein stoppar for dei travle dagane som bildeleseljar. Leiv Magne veit det er ei tid for alt, no handlar det meste om å bli frisk og kome i «vanleg gjenge» igjen. Han ynskjer eit rolegare liv og meir tid på småbruket Store Rødne i Sandeid som han kjøpte saman med kona for 15 år sidan, garden deler dei også med 22 vinterfôra sauer.

–  Her er mykje å henge fingrane i, og målet mitt er at eg snart er tilbake til kvardagen her. Eg likar meg i arbeidet her, fikse på husa, styre med dyra. Og så likar eg meg som bestefar, sjølv om barnebarna ikkje bur rundt dørene her så vil eg gjerne vere meir saman med dei. Det er målet mitt.

Leiv Magne er ikkje typen som ser mørkt på livet, det kjem ikkje noko godt ut av å «setje seg føre i sofaen» som han seier sjølv. Sjølv om bedrifta no er seld til attvinnings-selskapet Ragn-Sells og han sjølv er ute av den vanlege drifta har han ein naturleg plass i kontorbygget og tar gjerne ein kaffikopp når det passar.

–  Det er jo dette som har vore heile yrkeslivet mitt, eg brenn framleis for at me skal bruke bildelane på ein effektiv måte, og det er kjekt å kunne hjelpe folk, seier han engasjert. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details