Sommarvikaren

– All erfaring kjem godt med

Bjarte Haaland sin ultimate feriedestinasjon er fornøyelsesparken Alton Towers. I sommar går diverre ferien til mest jobbing. Les meir om Bjarte sine tankar om feriejobb og planane hans her.

Bjarte Haaland

Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?  

Sommarvikaren

  • Namn: Bjarte Haaland
  • Alder: 21 år
  • Arbeidsstad: Omega 365 Solutions
  • Studerer: Informatikk ved Universitetet i Bergen

– Ein sommarjobb tenkjer eg er viktig for å få litt jobberfaring, i tillegg får ein gjerne inspirasjon til kva ein ynskjer/ikkje ynskjer å jobbe med. All erfaring kjem godt med. Det er også ein god måte å få spart seg litt pengar på, som kjem godt med i studietida. Ein kan og få kontaktar gjennom jobben, som kan vere gode å ha for nettverksbygging og framtidig jobb. 

Kvifor ville du jobbe her? 

– Eg ville jobbe her fordi eg har jobba her før, og veit litt kva eg kjem til. Eg studerer datateknologi og her jobbar eg mykje med koding, så jobben eg gjer her syns eg er interessant og den ligg tett opp til det eg studerer. 

Kva ville du sagt til ein som vurderte same feriejobb? 

– Lunsjen her er veldig god! Eg ville og sagt det er ein del sitting, og mykje ein må lære seg og setje seg inn i. Det kan minne litt om skule på den måten at ein jobbar med prosjekt og oppgåver, både åleine og saman med andre. 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått? 

– Så lenge det er utlandet er alt bra, men Alton Towers, ein fornøyelsespark i England er definitivt ein ønskedestinasjon. Det er alltid gøy med berg og dal-bane og adrenalinfylte opplevingar. Eg har mange gode minne frå slike opplevingar, så eg seier ikkje nei takk til eit par til. 

Kva er dine planar for sommaren?  

– Eg skal jobba mesteparten av ferien, men ein liten ferietur er også på menyen. Ser og fram til å få spelt mykje frisbeegolf på banen her i Ølensvåg. Ein del fritid kjem også til å gå til å hengje med vener, forhåpentlegvis i litt finvêr

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details