Åkrafjorden blir berekraftig
Paraplyorganisasjonen Åkrafjorden Oppleving AS er miljøfyrtårnsertifisert. Dermed blir heile området berekraftig reisemål.
.jpg?mwidth=-1)
– Utgangspunktet for sertifiseringa var nullutsleppsvisjonen vår. Me vil kartleggja kva me kan gjera til ei kvar tid kan gjera for å oppnå måla våre, og jobbar kontinuerleg med å finna nye løysingar, produkt, gjennomføring og tilpassa den nye kvardagen alle får.
Det seier styreleiar i Åkrafjorden Oppleving AS, John Karsten Hustveit.
– Me vil prøva å visa fram det beste Noreg har å tilby på ein god måte. Kundane frå heile verda er opptatt av berekraft.
Total gjennomgang
Hustveit meiner sertifiseringa er viktig for kundane, anbodsprosessar og omdømme for reiselivsregionen. Ein total gjennomgang av HR, energi, transport og tryggleik, har derfor vore viktig. Arbeidet har også gjort at Åkrafjorden kan bruka Merket for berekraftig reisemål, sidan Miljøfyrtårn-sertifisering er ei forutsetning for denne merkeordninga koordinert av Innovasjon Norge.
Høge ambisjonar innan 2030
Nå ønskjer organisasjonen å påverka samarbeidsaktørar i regionen til å dra i same retning.
11 aktørar, med til saman 15 årsverk, er tilknytt Åkrafjorden Oppleving, og saman omset dei lokalt for 40 millionar kroner årleg.
– Målet er å komma opp mot 40 tilsette og 100 millionar i omsetning innan 2030, seier Hustveit.