Verdsdagen for psykisk helse: Løft blikket!

Forfattar og føredragshaldar Oddvar Vignes kjem til Etne 11. november, når verdsdagen for psykisk helse skal markerast. Foto: Jan Inge Haga/Samlaget

I samband med verdsdagen for psykisk helse måndag, inviterer Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og Mental Helse Etne og Vindafjord til markering på Skakkesenteret i Etne. Markeringa, som blir arrangert først om ein månad, tar utgangspunkt i årets tema nasjonalt. På grunn av auka einsemd og utanforskap i kjølvatnet av dei siste åras kriser, vil verdsdagen oppmoda til å løfta blikket på kvarandre. 

Å vera open

Temaet i Etne er skam og psykisk helse, der forfattar og føredragshaldar Oddvar Vignes fortel si historie, med spørsmålet «kan skam ta livet ditt?». 

Det trur Vignes. Men kva kan redda livet ditt? Leiar i Mental Helse Etne og Vindafjord, Sølvi Eide Lunde, vil utfordra oss på å setja ord på det. 

– Det å snakka med nokon om det som er vanskeleg, kan vera lækjande. Det kan bidra til at ein ikkje ber utfordringane åleine, og kan klara kvardagen, seier Lunde.

Styrken i fellesskapen

For nokon kan det vera skambelagt å vera psykisk sjuk. Å streva åleine, blir dermed meir krevjande. For me treng kvarandre, seier Lunde om årets tema. Verdsdagen for psykisk helse oppfordrar til å sjå kvarandre. 

– Me treng styrken i den sosiale fellesskapen, seier Lunde. 

Vil styrka psykisk folkehelsearbeid 

Intensjonen med verdsdagen for psykisk helse er ifølgje Lunde å auka openheit, kunnskap og forståing, for å bidra til betre folkehelse. Det er særleg viktig dette året. 

– Etter koronaen, då ein berre skulle vera med sin kohort, har det forsterka einsemd for ein del. Det ser me konsekvensen av nå. Me begrensa smitten, men forsterka einsemda. Nå må me sjå kvarandre og løfta blikket, ifølgje Lunde. 

– Ein enorm styrke

Openheit vil også vera temaet i ein panelsamtale som skal drøfta menns psykiske helse. To av tre som tar livet sitt, er menn. At Vindafjord Arbeidsgiverforum er medarrangør, er ein enorm styrke i dette arbeidet, trur Lunde. 

– Å knytta temaet opp til arbeidslivet, gjer at fleire tar det på alvor, som vil bidra til at fleire kan vera opne om utfordringar. 

Markeringa av Verdsdagen for psykisk helse den 11. november er gratis og open for alle. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details