Bedrifter i Medvind

Skreddarsaum gir vekst

Det er alltid eit nivå av skreddarsaum på dørene me leverer, fortel dagleg leiar hjå Knudsen Dørfabrikk, Roar Knudsen. 2022 gav bedrifta nok eit år med auka omsetnad og vekst i kundemassen.

Roar Knudsen (t.v) og gjengen på dørfabrikken i Skånevik kan gle seg over eit godt økonomisk år i fjor. (Foto: Kristian Risanger)

Skånevik-bedrifta kan klokke inn ein omsetnad på om lag 48 millionar for fjoråret, noko som er ein auke på godt og vel 7 millionar sidan 2021. Roar Knudsen er oppteken av å skape dører folk vil kjøpe, men vel så viktig er det at dei 20 tilsette, som har arbeidsplassen sin i dørfabrikken, skal ha ein givande jobb å gå til.

Bedrifter i medvind: Knudsen Dørfabrikk

  • Dørprodusent som held til i Skånevik, og har 20 tilsette
  • Dagleg leiar Roar Knudsen meiner det er viktig å både sikre arbeidplassar og utvikle produkt som blir produserte.
  • Bedrifta er målbedrift i Medvind24 Næringshage. Les meir om målbedrifter her!

– Det handlar jo om å skape noko saman med denne fine gjengen. Ein kan ikkje berre drive, ein må og utvikle heile tida. Det er jo spesielt kjekt å kunne stå opp og vite at ein skal på jobb saman med ein triveleg gjeng.

Sjølv blei han kasta inn i drifta tidleg, og er i dag tredje generasjon i den tradisjonsrike familiebedrifta som starta opp i 1946. Han er oppteken av å kunne delta i heile produksjonslinja, samstundes som han skal ha rom for å tenkje utvikling og lengre linjer.

Det er og noko av grunnlaget for at han saman med sju kollegaer er i gang med å ta svennebrev som trevaresnekker.

– Det styrker oss fagleg, og det er fint for meg som leiar å vera med i løpet. Vi er ferdige med teorieksamen og nokon skal ta svenneprøven til sommaren. For min del blir det nok mot slutten av året.

– Og rekruttering er ei utfordring, difor satsar me på intern opplæring. For 50 år sidan flytta folk der det var mogleg å få jobb, så enkelt er det ikkje i dag. Men det aller kjekkaste er naturlegvis når me får folk til å flytte til Skånevik for å jobbe her, det er stas.

– Korleis er det å drive bedrift i Skånevik?

p>– Me bur jo på verdas finaste plass! Så kan ein sikkert seie mykje om vegane våre, men det me sender i dag er i Oslo i morgon, så det er jo ikkje så langt.

Trass veksten i 2022 ser Roar at dette året kan bli krevjande, utgiftene aukar, inflasjonen har sett sitt preg på økonomien og folk sine lommebøker er blitt slankare.

– Me prøver å tenkje breitt når det kjem til målgrupper, og ikkje ha alle egga i same korga. Heldigvis så leverer me lite til hytter, sidan den marknaden er ganske roleg. Me sel derimot til ein del bustadar, men samarbeider ikkje med store og sårbare prosjekt der ein gjerne merkar nedgangen fort.

– Eg snakka nett med ein møbelsnekker som seier han merkar at folk kanskje ikkje unner seg det bordet dei har lyst på nett no. For oss som sel dører er det litt annleis, det er ei anna avgjerd, og som regel ein del av ein lengre byggeprosess. Men det er ikkje gitt at marknaden er med oss vidare, seier han.

Og ein ting er kundane, men alt dette påverkar også økonomien i bedriftene. Roar Knudsen er oppteken av at ein må spele på dei fordelane ein har når prisane aukar og konkurransen blir tøff.

– Det er ingenting i dag som tilseier at det er meir fornuftig å drive dørfabrikk her i dag, enn i Tyskland til dømes. Sjølv om me bur midt i kraftkjelda, og tilsynelatande har straumen tett på oss, seier Roar.

Knudsen Dørfabrikk ynskjer å vere synleg i marknaden, både for privatpersonar og for firma som har spanande byggeprosjekt.

– Me ser jo at ryktebørsen ofte hjelper oss. Har du levert dører til eit flott hus i Holmenkollåsen i Oslo så har dei gjerne besøk av andre som skal bygge eller renovere hus i same området, og slik kan det fort balle på seg.

– Geografisk så leverer me jo aller mest til Oslo og Austlandsområdet, så lenge vegen over Haukeli er open klarer me oss godt.

Dørene som kjem frå Skånevik er alle tilpassa kunden og kva ho skal nyttast til. Det er ikkje standard-dører og hylleprodukt som blir produserte her, men derimot dører med tilpassa beslag, karmar eller farge.

– Målet vårt er å få til ein jamn og god vekst som gir oss rammer til å investere.

Nett no er det i første omgang lokala som står for tur, her blir no både matrom, garderobar og møterom pussa opp, og går alt etter planen er dei nye lokala klare i god tid før sommaren. I tillegg er bedrifta i god gang med å implementere nytt ERP-system, som er eit gjennomgåande system i heile produksjonen og sikrar at alt går etter planen frå oppstart til fakturering.

– Me er og i innspurten på produktsertifisering av nye variantar av branndører. Dei må godkjennast før me kan produsere dei for sal, fortel Roar.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details