Auka interesse for landbruksskule

Stadig fleire søkjer seg inn på agronomstudier. Det har Vinterlandbruksskulen også erfart som i år hadde 55 ivrige søkjarar.


Rektor og undervisar Asbjørn Ask beklagar stemma, han har vore i Vinterlandbruksskulen i nær 30 år og har aldri vore vekke frå undervisning grunna sjukdom, det aktar han ikkje vera denne onsdagen heller og på timeplanen står det at elevane skal få sjå korleis fordøyelsessystemet ser ut hos ein sau.

Vinterlandbruksskulen blei starta i 1979 og er eigd av ein stiftelse med 10 kommunar i Ryfylke og Haugalandet. Som regel byter skulen undervisningsstad årleg, men er pågangen stor set dei opp skulen på same stad over fleire år.

–Dei siste 10 åra har det vore veldig gode søkjartal og det vart meir og meir tydeleg, fortel Ask.

Den siste tida har dei hatt skulen i same kommune over to år på rad grunna den auka interessa. Han hugsa godt då dei strevde med å fylle ein klasse med 20 personar, men dette året var det 55 søkjarar i Vindafjord.  

–Nå kunne me satt opp undervising i tre år her, fortel Ask. 

Undersøkjer detaljane

Martin Heggelund er godt nødt med opplegget så langt. Foto: Elin Sørheim/Medvind24.no

Dei flyttar undervisninga ut i frisk luft så dei slepp å bli plaga av sterke lukter. Elevane flokkar seg nyfikne rundt bordet. Ask klypper opp del for del og forklarar i detalj. Elevane tek bilete, kjenner på teksturen og stiller spørsmål. Det er tydeleg at dette er ein gjeng som er spesielt interesserte i alt som handlar om husdyr.

Martin Heggelund tok over garden heime for fire år sidan. Der driv han med slaktegris og sau. Han har ikkje landbruksutdanning frå tidlegare.

–Eg søkte på vinterlandbruksskulen for å skaffa meg ny kunnskap som eg kan ta vidare med meg inn i drifta og kunne betra produksjonen, fortel Heggelund.

Så langt er han kjempenøgd med opplegget.

- Det er heilt supert og eg lærer noko nytt kvar dag. Om fordøyelse system, planter og gjødsel og at alt heng i hop, seier Heggelund.

Han har vore på jakt og sett innvollar tidlegare, men har alltid sørga for å ikkje stikke hol på dei.

–Det var kjempespanande å sjå korleis magane og tarmane ser ut på innsida, seier Heggelund.

Draumen om eigen gard

Malin Haugland Alvseike har og søkt på skulen for å få mest mogleg ny kunnskap. For seks år sidan kjøpte ho gard saman med mannen sin.

Malin Haugland Alvseike synest det er tidkrevjande, men veldig lærerikt. Foto: Elin Sørheim/Medvind24.no.

–Ingen av oss kjem frå gard så læringskurva har vore bratt, fortel Haugland Alvseike. 

Det var først og fremst mannen hennar som alltid hadde vore interessert i å skaffe seg ein gard, ho vart berre med på hans draum, men nå er det ho som driv garden medan han er i arbeid.

–Eg syns så langt at dette er kjempelærerikt og eg er veldig positivt overraska. Det er ganske tidkrevjande med mykje undervisning og heimeoppgåver i tillegg, men det går fint fordi me lærer veldig mykje, seier Haugland Alvseike.



Nøgde elevar

– Kvifor det er så populært?

– Det er vel fordi elevane som har gått her er nøgde, det gjer at fleire ønskjer same utdanning, fortel Ask.

På skulen snakkar dei fag heile tida og elevane er interesserte i å driva gard på god måte.

– Skulen går ut på agronomkompetanse, det inneberer å gi elevane ein god oversikt over det å driva gard, og me går djupare ned i dei viktigaste emna, seier Ask.

I tillegg til klassetimane har dei korte kurs dei dei får eigne kursbevis innan mellomanna bruk og stell av motorsag, inseminering, plantevern, HMS og slakt.

–Desse kursa er dyre å ta privat, men skulen her er gratis, legg Ask til.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details