Vil styrka fagmiljøa i distrikta


– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikla næringslivet i Vindafjord og Etne?

Stortingsvalet 2021: Iselin Nybø (V)

  • I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen.
  • I dag: Iselin Nybø (V)
  • Aktuell: Toppkandidat for Venstre i Rogaland og næringsminister
  • Alder: 40
  • Kjem frå: Randaberg
  • Dei viktigaste sakene for partiet: Venstre vil skape ei grøn framtid med fridom og moglegheiter for alle. Me vil kutte utslepp, satse på skulen og skape nye jobbar. 


– Sikra EØS-avtalen, slik at eksportbedrifter får fortsett tilgang til sine marknader. Formuesskatten sikrar at ein kan investera i bedrifta for å skapa vekst, framføre å auka skattetrykket. Dette meiner me i Venstre skaper gode rammevilkår for næringslivet. Me har også etablert gode ordningar for grøn omstilling. I tillegg er me opptatt av gode utdanningstilbod i heile landet for å sikre kompetanse, både på vidaregåande skule og høgskulane.

– Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer i Vindafjord og Etne?

– For Venstre er det viktig at det skal bli enklare og meir attraktivt for å etablera nye arbeidsplassar i heile landet. Me har jobba kontinuerleg for å betra ordningane for sjølvstendig næringsdrivande, og vil ytterlegare forenkla byråkratiet rundt å driva eigen verksemd. Det meiner me vil gjer det meir attraktivt å vera gründer.

– Vil de jobba for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord og Etne?

– Ja. E134 er ein av dei vegane me har prioritert. Infrastrukturen her vil også bli betra med den nye tunellen mellom Seljestad og Røldal. Bakka-Solheim må prioriterast høgare opp.

– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting?

– Venstre har ikkje satt ein sluttdato for oljeutvinning. Me må utnytta all den gode kompetansen som arbeider i oljenæringa i dag på vegen for å skapa nye, grøne næringar framfor å setja ein sluttdato og potensielt stansa verdiskapinga heilt.

– Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?

– Venstre vil sikra ein god infrastruktur, slik at det ikkje er problematisk for folk å pendla til og frå jobb. Me har også vore pådrivarar for desentralisering av statlege arbeidsplassar for å sikra sterkare fagmiljø i distrikta. I tillegg vil me visa til desentralisert utdanning i regi av høgskulane, samt ein god kommuneøkonomi, som faktorar for god rekruttering.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details