Vil setje fart på tomteutviklinga

Vindafjord kommune søkjer no ein moglegheitsutviklar som mellom anna skal bidra til å utvikle tomter i kommunen, både for bustad og næring. Målet er å skape vekst i både etablert og nytt næringsliv, samt sikre tomter til dei som vil bu i kommunen.

Vindafjord kommune og kommunedirektør Ynge Folven Bergesen går nå nye vegar for å styrke tomteutviklinga. (Foto: Ellen Marie Hagevik, Vindafjord kommune) 

Den kommunale stillinga har vore lyst ut ei stund, men utan at søkjarar med rett kompetanse har vist interesse. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen ynskjer å setje søkjelys på kor viktig jobben med tomteutvikling er. 

– Dette er ei spanande stilling for dei som ynskjer å vere med på styrke samarbeidet mellom kommunen, næringslivet og bygdelivet, seier han.

Naturleg bindeledd

Bergesen viser til at det er stort spenn i stillinga, og at den rette søkjaren og naturlegvis vil kunne vere med å påverke innhaldet i arbeidsoppgåvene. Målet er uansett å legge til rette for tomteutvikling og skape god oversikt over kva tomter som finst tilgjengeleg i kommunen og kva behov næringslivet og framtidige innbyggjarar har. 

– Me treng ein person som kan vere med å identifisere ulike område for tomteplanar. Ein ressurs som kan setje fart på det arbeidet. Det blir viktig at denne personen er glad i bygge nettverk, og blir eit naturleg bindeledd mellom kommunen og næringslivet. For bedriftene kan det vere godt å ha ein person å kontakte om tomter, seier Bergesen. 

I følgje stillingsannonsa skal moglegheitsutviklaren både legge til rette for bustad– og næringsutvikling i kommunen, vere ein koordinator mellom kommunal administrasjon, næringslivet, grendeutval og andre aktørar samt identifisere arealbehov for tomteutvikling og sikre utvikling av desse områda. Den nye stillinga skal også gjennomføre kjøp og sal av strategisk bustad– og næringseigedom, utarbeide strategiar og sikre framdrift på reguleringsplanar og utbyggingsavtalar. 

Satse på rett prosjekt

Kommunedirektøren er klar på at Vindafjord er ein kommune som er full av moglegheiter, og at det i stor grad handlar  om å satse på dei rette prosjekta. Ølen Næringspark viste seg å vere svært populær, og dermed kom behovet for fleire og nye tomter for næringslivet. 

– Me må lande nye tomter for næringslivet i kommuneplanprosessen, det er fleire område som er aktuelle, meiner han. 

Personen som kommunen no søkjer treng ikkje vere ingeniør, men det er ønskeleg med høgare utdanning på bachelornivå, eller eventuelt relevant erfaring som erstattar det kravet. 

– Det er og ein stor fordel om vedkommande har forståing for kommunale prosessar. Me håpar at me skal få til den utviklinga som både politikarane og bedriftene våre ynskjer no. Det er og viktig for oss at dei bedriftene me allereie har får sjans til å utvikle og utvide. Me må og ha tomter til dei som ynskjer å bu her, for å sikre god rekruttering. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details