Vil etablere bondens marknad

Etter at Bunnpris i Etne stengde dørene i slutten av november, ønskjer Etne Forbruksforening på ny å fylla lokala sine ved Etnesjøen. Nå frir dei til sjølvstendige produsentar om å vere med å etablere ein «bondens marknad». 

Image
- Me ber folk melde seg om dei tenker dette er noko av interesse, seier Trude Enge, styreleiar i Etne Forbruksforening,  som håpar fleire tek kontakt med ho om å etablere ein potensiell "bondens marknad" i Etne Forbrusforening sine lokale ved Etnesjøen. Foto: Maria Djuve Vågen.

@Render("M24_Byline",Caption:"Pressemelding")

I slutten av november stengde butikken Bunnpris dørene sine i lokala nede ved Etnesjøen, og med det var 143 år med drift av daglegvarehandel avslutta i bygget. Nå er styreleiar i Etne Forbruksforening, Trude Enge, på leit etter interesserte sjølvstendige produsentar som kunne tenke seg å få til aktivitet i bygget. 

- Me ønskjer å skape liv i sentrum og lokala igjen, og trur at eit samarbeid mellom produsentar hadde vore gunstig, eller at gründerar kunne produsert eller seld sine varer under eit felles tak, seier Enge. 

Ho viser til at varene kan vere så mangt, men har umiddelbart sett føre seg lokale matvarer som poteter, grønsaker og kjøtt. 

Image
- Me ønskjer å skape liv i sentrum og lokala igjen, seier Trude Enge i Etne Forbruksforening. Foto: Maria Djuve Vågen.

- Her kan jo kundane kome innom for smaksprøvar og slå av ein prat før ein kjøper varene, legg ho til men presiserer at varene kan vere alt frå matvarer til handverk, handarbeid eller anna.

I bygget nede ved Etnesjøen er det både romsleg og tilrettelagt med utstyr som kjøkken. Enge har også lekt med tanken om at lokala kan brukast til å halde kurs. 

- Her er det kun fantasien som set grenser for kva ein kan bruke lokalet til, seier ho. 

Korleis produsentar og gründerar skal organisere seg rundt drift eller produksjon er ikkje heilt spikra, men ein tanke hjå Enge er å etablere eit AS der produsentane er medeigar og at ein har ein tilsett som følger opp salet.

- Etne Forbruksforening vil legge til rette og vere behjelpeleg med tilrettelegging for dei som kan vere interessert i lokala, seier Enge.

- Me ber folk melde seg om dei tenker dette er noko av interesse, seier Enge som håpar fleire tek kontakt med ho om dette. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details