Eigarskifte i Tveit Regnskap



– Regnskapsbransjen og næringslivet er i endring, og for mindre aktørar er det utfordrande å henge med på utviklinga innan teknologi, kompetanse og regelverk. Når me går saman med ForretningsPartner gir det både tilsette og kundar i Tveit Regnskap store moglegheiter framover. Me blir ein sterkare organisasjon, me tryggar arbeidsplassane og riggar oss for å vekse vidare. Kundane våre vil vinne på dette fordi dei får eit styrka tilbod, frå eit miljø med endå breiare kompetanse enn i dag, seier styreleiar Jone Tveit i Tveit Regnskap i ei pressemelding.

Saman blir de to selskapa blant landets største aktørar innan rekneskaps- og rådgjevingstenester. SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner og Tveit Regnskap vil bestå av om lag 400 tilsette, ha ein omsetnad på rundt 450 millionar kroner årleg og over 7000 kunder langs kysten frå Bergen i vest til Oslo i aust. Dersom Konkurransetilsynet godkjenner det, kjøper SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner 100 prosent av Tveit Regnskap sine selskap utanfor Haugalandet og Sunnhordland, og 51 prosent av Tveit Regnskap AS, som har verksemda si i dette området.

– Dette blir en merkedag i historia om SpareBank 1 SR-Bank ForretningsPartner. Me har hatt ei fin utvikling siden oppstart i 2015, og er allereie godt posisjonert i marknaden med kompetente medarbeidarar og ein spanande kundeportefølje, og denne samanslåinga tydeleggjer ambisjonen i vår satsing. Saman med Tveit Regnskap, skal me kunne tilby våre kundar eit endå betre og breiare tenestetilbod, og våre tilsette eit endå sterkare og utviklande kompetansemiljø. Dette gir også eit godt grunnlag for vidare vekst og lønnsemd, seier administrerende direktør Atle Håvarstein Nilsen i SpareBank 1 SR-Bank Forretningspartner.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details