Hopp til innhald

Grøn turistdrosje med eigen guide 

Åkrafjorden Oppleving og Taxi Ølensvåg går saman om eit nytt berekraftig reiselivsprodukt. Turistane kan no oppleve Rv13, Discovery Route, i el-bil med eigen sjåfør som også fungerer som guide. 


Bjarte Berge i Taxi Ølensvåg og John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving er klare for å tilby drosjetur med guide langs Rv13.  (Foto: Privat)


John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving og Bjarte Berge i Taxi Ølensvåg kom opp med ideen om ein elektrisk åtteseter som turistane kan leige tur med. Er det store grupper har dei også tilgang på større bilar med 16 seter. Med på kjøpet får dei eigen sjåfør som også fungerer som guide med lokalkunnskap. Målet er å oppleve Discovery Route som har lange historiske røter frå  1880-tallet då gjester med hest og kjerre kom for å oppleve Rv13 mellom Bergen og Stavanger via Hardanger, Ryfylke og Voss.

– Me har ein link inn til Discovery Route-prosjektet og har lyst til å vise fram alle dei flotte attraksjonane langs Rv13 og på Vestlandet. Området mellom Stavanger og Bergen er heimebana vår, men me er fleksible, så me køyrer den ruta gjestene ynskjer. Me hentar dei gjerne på flyplassen, fortel John Karsten og viser til at Åkrafjordtunet også er med på prosjektet. 

Kan kjøpe pakke 

Bilen som skal brukast er ein elektrisk åtteseter , og arbeidet med å finne gode og kunnskapsrike sjåførar er alt i gong. Visit Sunnhordland har allereie fått ein prøvetur med turistbilen og snart skal ein delegasjon frå UNESCO bruke bilen for å kartlegge moglege verdsarvstadar. Tiltaket er også ein sentral del av satsinga på grøn nullutsleppsturisme i Åkrafjorden.

John Karsten Hustveit trur også korona-pandemien har gjort det aktuelt for fleire målgrupper å feriere litt meir privat, og med litt meir avstand til dei store massane. 

– Dette er jo ein turistdrosje som sjølvsagt kostar litt meir enn ein lågbudsjett-ferie. Likevel trur me at det finst ein marknad for dette, det skal bli spanande å sjå, seier han. 

– Mange syns det er utfordrande å leige seg bil, finne ut av ferjeruter med meir. No kan dei ta det med ro, og heller kjøpe denne pakken. Og me trur at folk gjerne vil kome tett på lokalsamfunnet, og faktisk møte dei som bur her. Slagordet vårt er: «come as a guest, leave as a friend». 

 Berekraftig reise

Også Bjarte Berge har tru på konseptet. 

– Eg trur absolutt dette er noko å satse på, og det grøne miljøkonseptet er viktig. Mange av gjestene er opptekne av å reise  mest mogleg berekraftig , slår han fast og viser til at sjåførane som skal køyre må vere profesjonelle sjåførar, men også ha talent for å guide. 

– Det er slett ikkje alle som passar inn i den jobben, men me vil samle saman ein gjeng med gode namn. Me har allereie funne fram til fleire av dei, fortel Bjarte. 

Prosjektet med den berekraftige turistdrosjen har fått omstillingsmidlar frå Innovasjon Norge.

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips
T E S T