Treng me 8. mars?

8. mars er den årlege markeringa av den internasjonale kvinnedagen. Me høyrer frå representantar frå det lokale næringslivet om kva dei tenker rundt markeringa av dagen.


Namn: Morten Østenstad 


Stilling og bedrift: Finansrådgiver, SpareBank 1 SR-Bank, Ølen

Alder: 34 år

– Treng me en kvinnedag i 2021?

– Ja.

– Kvifor?

– Det er framleis forskjellar i Noreg og ikkje minst så er det enorme forskjellar på verdsbasis.

– Har du opplevd noko sjølv som tilseier anten at me treng det eller ikkje?

– Her i banken vart det gjort ein undersøking i fjor som viste at 86 prosent av alle minstepensjonistar i 2019 var kvinner, og me oppfordrar kvinner til å ta ansvar for eigen pensjonssparing. Nå er det sånn at fire av ti kvinner sparar til eigen pensjon og den trenden er sterkt oppadgåande.






Namn: Jeanette Baustad

Stilling og bedrift : Serviceteknikar, Helgevold Elektro

Alder: 23 år

– Treng me en kvinnedag i 2021?

– Ja.

– Kvifor?

– Me har framleis ein veg å gå. I mange yrker som er standard kvinneyrker er det framleis vanskeleg å få skikkelege og faste stllingar. Det gjeld for eksempel stillingar innan omsorg, som sjukepleiar, som me har sett behovet for spesielt under korona.

– Har du opplevd noko sjølv som tilseier anten at me treng det eller ikkje?

– Det hender at folk blir positivt overraska når eg seier at eg er elektrikar. Det blir liksom ikkje oppfatta som heilt normalt, men folk er sjølvsagt veldig opne og positive når eg seier det. At folk blir litt overraska gir kanskje eit inntrykk av at me enno ikkje er heilt der me vil vera.     




Namn: Kristin Hagland  

Alder: 51 år

Stilling og bedrift: Einingsleiar drift og vedlikehald, Etne kommune

– Treng me ein kvinnedag i 2021?

– Det trur eg me treng. Eg er ikkje ein typisk kvinnesaksforkjempar og me har det veldig godt her i Noreg, men eg tenkjer nå mest på resten av verden. Det er mange land som ligg langt bak oss når det kjem til likestilling enno, og det gjeld alt frå manglande stemmerett, rett til utdanning til moglegheita til å ta eigne val. Ein har stader i verden der jenteborn er uønskt grunna dårlege rettigheiter. Det finns til og med land i Europa der det enno ikkje er lov med sjølvbestemt abort.

– Det er enno ting som kan bli betre i Noreg, og der er mellom anna lønnsdebatten viktig. Når det kjem til utjamning av mannsdominerte yrker har me enno ein veg å gå. Hjå oss har me nå fått vår fyrste kvinnelege driftsoperatør i ein typisk mannsdominert stilling, så det synes me er veldig kjekt.

– Har du opplevd noko sjølv som tilseier anten at me treng det eller ikkje?

Eg har ofte hatt jobb i mannsdominerte yrker, og det kan vera tøft. Eg føler me som kvinner i sånne situasjonar må jobbe hardare og stå på meir for å hevde oss. Eg tenkjer at det er veldig viktig med kjønnsbalanse i dei fleste arbeidsmiljø. Me sit alle med ulike styrkar og svakheitar, og det fungerer best med ein god balanse.

 

Namn: Jorunn Halsnes


Alder: 49 år

Stilling og bedrift: Deleigar, Jorunns og Joanas Blomserverksted

– Treng me ein kvinnedag i 2021?

– Eg trur eigentleg at me her i Noreg ikkje har så stort behov for denne dagen lenger og eg føler at dagen pleier gå stille føre seg hjå oss. Eg tenkjer ikkje så mykje over 8. mars sjølv, men ein burde kanskje sende nokre tankar til dei som føre oss har jobba for likestilling. Deira arbeid har ført til at me har kome så langt som me har innan likestilling her i Noreg. Denne dagen er nok mykje viktigare for kvinner i mange andre land i verda, der dei enno har ein lang veg å gå når det kjem til kvinners rettigheiter.

– Eg synes at det er viktig med lik lønn for likt arbeid, men håpar at folk flest i Noreg vel eit yrke dei ønskjer ut i frå kva dei har lyst til å jobbe med og ikkje korleis lønna er.  

– Har du opplevd noko sjølv som tilseier anten at me treng det eller ikkje?

– Nei, eg har ikkje opplevd noko sjølv. 



Namn: Yngve Folven Bergesen

Alder: 40 år

Stilling og bedrift: Kommunedirektør, Vindafjord kommune

– Treng me ein kvinnedag i 2021?

– Ja.

– Kvifor?

– Viss me går eit år tilbake då pandemien starta kunne ein sjå ein av grunnane til det. Kommunen er ein kvinnedominert arbeidsplass og det var mange kvinner i yrker som blei definert som samfunnskritiske. Då barnehagar og skular stengde måtte ein gå ut i media og be om at mannen hadde heimekontor og kunne passe barna, slik at kvinnene kunne gå på jobb. Me treng framleis 8. mars fordi dette var ikkje oppfatta som ei sjølvsagt fordeling.

Kvifor er det mest kvinner i dei samfunnskritiske jobbane?

– Det bygger nok litt på dei stereotypiane om at kvinner går inn i omsorgsyrker og menn går meir inn i industri. Det kan jo også hende at dette er interessebasert og at det ligg noko biologisk til grunn her, men det skal eg ikkje begi meg ut på å spekulere i. Me ser at me gjerne skulle hatt fleire menn innan helsesektoren. Det hadde vore bra både for yrket og for brukerane. Tilsvarande treng me fleire kvinner innan industri.

– Har du opplevd noko sjølv som tilseier anten at me treng det eller ikkje?

– Ikkje noko spesielt.




Namn: Gro Karin Velde

Alder: 51 år

Stilling og bedrift: Regnskap og lønn, Berge Sag

– Treng me en kvinnedag i 2021?

– Ja, eg meiner det.

– Kvifor/kvifor ikkje?

– Heile kloden bør ha like rettar og moglegheiter, både for jenter og gutar, damer og menn. Det gjeld både på jobb, heime og på fritid. I 2021 er me meir likestilt enn før, og sjølv om me er på god veg, er det endå eit stykke igjen. Eg er ikkje ein som går i tog sjølv, men har respekt for dei som gjer det.

– Har du opplevd noko sjølv som tilseier anten at me treng det eller ikkje?

– Eg har heldigvis ikkje opplevd noko sjølv.    

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details