Treng fleire på laget

MCE opplev stor etterspurnad og er på leit etter fleire som kan vere med å bygge vidare den over 20 år gamle Etne-bedrifta. Dei søkjer nå arbeidskraft innan prosjektleiing, elektro, sveising og platearbeid.


– Me ser stor etterspurnad etter våre tenester og vurderer å utvida den eksisterande verksemda vår, fortel dagleg leiar Eldar Tranøy.

Han meinar at ei forutsetning for dette er meir lokal arbeidskraft, og legg til at dei treng nå er eit bredt spekter av kompetanse og søker etter mange ulike fagfunksjonar.

MCE - ledige stillingar

– Me har behov for folk som vil arbeida med lastebilpåbygg, og det famnar både mekanikarar, elektrikarar, sveisarar og platearbeidarar. Samt fleire som kan jobba innan industriproduksjon der dei tek seg av ulike stål- og aluminiumskonstruksjonar. Me treng eit variert og godt samansatt team for å ha ein effektiv produksjon, fastslår Tranøy

 Han legg vekt på at søkarar ikkje nødvendigvis treng sitje med dei riktige fagbreva for å bli vurdert hjå dei. MCE har allereie myke fagbrevkompetanse som sikrar lærlingar god oppfølging. I tillegg til dette ønskjer bedrifta å få tak i ein ny prosjektleiar, som dei vil kunne tilby ein variert og spanande jobb der ein får samarbeide tett med kundar, og ingeniør- og designteamet for å finne dei gode og innovative løysingane for kvart enkelt prosjekt.

Image
Lærling Bjørnar Bøthun Vik (t.h) trivs godt med dei varierte arbeidsoppgåvene som er ein del av kvardagen hjå MCE.  

Lang kompetansehistorie

MCE har nå bygd over 200 bilar og dei tilsette får moglegheiten til å vera med på ein spanande prosess frå bestilling til ferdig produkt. Dei har nemleg fokus på at det skal vera kort veg mellom ingeniørane som teiknar påbygga til det operative personellet som utfører byggejobben.

Bedrifta som held stand på Tongane i Etne vart starta i 2001 i forbindelse med at WesternGeco etablerte seg i kommunen. Opphaveleg var hovudoppdraget deira å byggja konstruksjonar i stål, rustfritt stål og aluminium, med fokus på å levera innan olje og gass, prosess og betongindustri. Samt produksjon av stålkonstruksjonar til bygg og anlegg. Frå 2012 byrja dei å designa og byggja eigne lastebilpåbygg, og dei produserer i hovudsak kranbilar og livdyrskap, i tillegg til leveransar innan planbilar, tippkassar og krokløft.

– Me leverer nå 30-40 bilar i året, og dei som arbeidar med påbygg får både krevjande og spanande utfordringar, fortel Tranøy.

Sidan 2012 har MCE også vore godkjent lastebilverkstad, som utfører service og reperasjonar på landbruksredskaper og anleggsmaskinar.

Satsar på lærlingar

Per i dag har dei tre lærlingar der ein av desse tek fagprøven nå til sommaren og planen er å få inn opp til fire nye til hausten. Nå har dei allereie tilsett to lærlingar. Bjørnar Bøthun Vik er industrimekanikarlærling og har lært mykje nytt etter han starta og trives godt i arbeidsmiljøet hjå MCE.

– Her har eg lært utruleg mykje. Då eg begynte her kunne eg mest om stålarbeid og sveising, og kunne ikkje så mykje om hydraulikk. Nå har eg lært mykje om mellom anna korleis hudraulikksystem fungerer, om elektriske system på lastebilar og 12 volt system, fortel Bøthun Vik.

Tranøy meinar at å ha lærlingar er den viktigaste måten for å rekruttere og bygge kompetanse lokalt.

– Det er og bra for arbeidsmiljøet at dei som jobbar her får vidareføre sin kunnskap til neste generasjon, samt at det gir oss eit godt spenn i alder.


 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details