Tar lokalmat ut på nye vegar

– Det er ei enorm interesse for det lokale og kortreiste, samstundes som det er vanskeleg og ressurskrevjande for småskalaprodusentar å få varene sine ut på marknaden. Både marknadsføring og leveransar kostar både tid og pengar for enkelte produsentar. Vårt mål har vore å finna ei løysing der me kan gjera fleire kvalitetsvarer frå desse produsentane enklare tilgjengeleg for endå fleire kundar, samstundes som ein sikrar ein meir miljøvennleg og effektiv leveranse, seier Roy Martin Øyjord og Frode Selvaag.

Felles bestilling, felles betaling, og felles utlevering

17.juni lanserte lokalmatentusiastane Lokaltlevert.no, eit vinn-vinn-konsept for både kundar, produsentar og miljø: For det første er lokaltlevert.no ein ny og felles nettside for småskalaprodusentar å marknadsføra og selja varene sine på. Dermed får kundane også tilgang til ei rekkje produkt som ikkje er tilgjengelege i nærområdet, på ein og same plass. Sist, men ikkje minst, er det bærekraftige distribusjonsleddet ein nøkkelfaktor i Lokalt Levert.

– I staden for at ei rekkje produsentar kvar for seg må frakta eller senda sine produkt til kvar kunde, vil Lokalt Levert samla alle varer til kunden i ein pakke, og køyra dette samla ut til fastsette henteplassar på Vest- og Austlandet, der kundane kan henta alle sine produkt samla. Slik vil ein unngå både unødvendig kostand og tid i frakt og leveranse. Vårt konsept er felles bestilling, felles betaling, og felles utlevering, seier Øyjord.

På nettsida vil kundane lett sjå kva tid og kor i Noreg Lokalt Levert vil levera ut varer. Første leveranse blir gjort i Sandefjord 28.juni. Deretter står mellom anna Porsgrunn, Larvik, Sola, Stavanger, Jæren, Haugesund og Bergen på lista.

Fleire produsentar

 På Lokaltlevert.no finn ein allereie i dag over 70 ulike lokalmatprodukt frå ei rekkje ulike produsentar på Vestlandet. Og stadig fleire produkt vil komma til. Målet er også å utvikla dette konspetet for kundar innan hotell, restaurant, og catering.

– Det blir produsert fantastiske lokalmat-produkt hjå småskalaprodusentar i heile Noreg kvar einaste dag, og me er genuint opptekne av å kunna formidla desse smaksopplevingane til kundar i heile landet. Lokalt Levert skal utelukkande tilby kvalitetsprodukt, og me har fått med oss mange særs dyktige produsentar som er kjende for dei gode lokalmatvarene sine. Men me har målsetning om å få endå fleire med oss, og håpar at fleire produsentar vil ta kontakt, og at kundane våre tipsar oss om aktuelle produkt me bør ta med i portefølje, seier Selvaag.

Brenn for norsk mat

Dei to gründarane bak Lokalt Levert er ikkje framande for lokalmatsatingar. Roy Martin Øyjord, som står bak Skakkelaks, har foredla laks, aure og viltkjøt for sal sidan 2003. Produkta hans har motteke fleire spesialitet-merker frå stiftinga Norsk Mat. Øyjord er brennande oppteken av å styrka fokus på lokalmat og småskalaproduksjon. Frode Selvaag er kåra til Årets Kjøkkensjef, og har motteke fleire prisar for sitt kokkevirke. Selvaag driv i dag Ryfylkekokken, der han spreier om seg av matkunnskap, matglede og matopplevingar, som del av sitt ibuande engasjement i å fremja Norsk matkultur og råvarer.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details