Sykkel- og gangsti på plass

Det blei folkefest med full musikk då den nye sykkel - og gangstien mellom Skjold og Vikebygd opna i dag. Lokalt næringsliv har spelt ei sentral rolle for å realisere prosjektet.


Fylkesvaraordførar, Arne Bergsvåg (Sp), som opna vegen viser til at det er positivt å velje lokalt næringsliv, også på større samferdsleprosjekt som dette. Sakarias Nesheim, Ottar Skjold, Magne Klungtveit, Magnar Fjellheim, Haugaland Kraft, BKK, Omega Areal og kommunen er lokale aktørar som har bidratt.

- Det er veldig kjekt at det er ein lokalentreprenør, som aldri har hatt så stort oppdrag før, løyser prosjektet på ein veldig god måte, det er gledeleg. Då har me også bidratt til at eit lokalt firma kan gå opp ein divisjon i framtidige anbodsrundar, meiner fylkesordføraren og viser til Bjarne Nordtveit AS som har vore hovudentreprenør. 

Varaordførar i Vindafjord kommune, Tove Elise Madland (Ap), skryt også av den lokale entreprenøren. 

Image
Tove Elise Madland held sin tale. Foto: Kristian Risanger

- Eg er veldig glad for at næringslivet i Vindafjord når opp mot dei større aktørane. Eg må også legge til at det er veldig kjekt at dei brukar så mykje lærlingar. Lærlingar er morgondagens arbeidskraft og Vindafjord treng fagarbeidarar, fortel Madland, før ho legg til: 

- Det er heilt fantastisk, ein gledens dag. Me er utruleg takknemlege for å ha fått denne sykkel- og gangstien på plass. Eg vil også takke innbyggjarane i Vindafjord. Det er dei som står bak og har pressa på for å få dette til. Det har kanskje kosta mykje pengar, men me reknar ikkje tryggheit i pengar.

Bygginga av den nye gang- og sykkelvegen langs fylkesveg 734 mellom Håkull og Trovåg kosta om lag 35 millionar kroner og har en lengde 3.4 kilometer. Arbeidet er finansiert av Haugalandspakken.

Nøgd lokalbefolkning

Image
Rune Berntsen er veldig nøgd med den nye sykkel- og gangstien. Foto: Kristian Risanger

Rune Berntsen bur rett ved vegen, og sjølv om han måtte gi frå seg noko av plenen for å få på plass den nye sykkel- og gangstien kunne han ikkje vore meir fornøgd. 

- Det er til fellesskapets beste dette, både for ungane som bur her og for alle som vil gå tur i området. Det er mange som ikkje har vilja gått tur i område sidan vegen ikkje har vore bra nok rett og slett, men det har me merka ei endring på allereie. Det kjem folk på tur som eg aldri har sett før, noko som er kjempekjekt. Arbeidet har vore veldig bra og ryddig og me har ikkje støtt på noko som helst problem rundt dette, avsluttar skjoldabuen. 

Positive tilbakemeldingar

I om lag halvanna år har det stått gravemaskinar, lastebilar, boreriggar og anna anleggsutstyr longs vegen mellom Skjold og Vikebygd. 

Image
- Dette er det største prosjektet me i Bjarne Nordtveit AS nokon gong har hatt og me kunne ikkje vore meir nøgde med prosessen og resultatet, seier Bjarne. Foto: Kristian Risanger

- Når folk ringer så pleier det berre å vere kjeft å få. Då skal dei fortelje om alt som er gale, enten om det er maskinar i vegen eller at det bråkar og liknande, men sånn har det ikkje vore nå. Dei telefonane me har fått nå har berre vore positive. Folk skryt av at me har halde oss av vegen og at det ikkje blir noko stopp i trafikken, det er kjempekjekt med sånne tilbakemeldingar, seier Nordtveit før han legg til: 

- Eg må få lov til å skryte litt tilbake også. Trafikantane frå både Skjold og Vikebygd har vore veldig flinke, og respektert arbeidet. Me har prøvd så godt me kunne å halde arbeidet av vegen og ikkje på den, noko dei har sett pris på. Det har gjort at det har vore fin flyt i trafikken frå start til slutt. Dette har gitt oss meirsmak rett og slett, og me vil gjerne fortsetje å jakte større prosjekt som liknar dette i framtida. 

Bjarne Nordtveit AS har i dag elleve tilsette, og det er nevøen til Bjarne, Robert Nordtveit, som har vore anleggsleiar for prosjektet. 

- Dette prosjektet har vore fantastisk kjekt å jobbe med. Kjekke kollegaer, medarbeidarar og samarbeidspartnarar har gjort at dette arbeidet har flyte godt framover. Dette er det største prosjektet me i Bjarne Nordtveit AS nokon gong har hatt og me kunne ikkje vore meir nøgde med prosessen og resultatet, fortel gründer og dagleg leiar i Bjarne Nordtveit AS, Bjarne Nordtveit og legg til at kontrakten er til ein verdi av 27 millionar kroner. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details