Stilrent Bygg og Eiendom med prestisjekontrakt


Bedrifta som først vart starta i april i år, har allereie vunne terreng i marknaden.

– Eg har jobba hjå Haugaland prosjektservice med tømrarentrerprise tidlegare og me har gode erfaringar med dei. Akkurat no samarbeider me og med dei om eit spanande leilegheitsprosjekt i Skåredalen, fortel Rinats Nikitins som er dagleg leiar i bedrifta.

Stilrent Bygg og Eiendom er eit nyetablert firma, men både Rinats Nikitins og Boris Baukis har drive fleire år for seg sjølv i byggebransjen. Då dei bestemte seg for å gå saman, valde dei å gå vidare med Stilrent Bygg som vart dreve av Nikitins tidlegare.

– Me er godt kjende som seriøse leverandørar av tømrartenester blant dei største lokale aktørane i byggebransjen, fortel Nikitins. Dei er særs glade for å få kontrakta med Ølen Torg.

Signalbygg i sentrum

– Dette er for oss eit prestisjeprosjekt. Bygget er avansert og ligg sentralt til. Mange kjem til å ha eit forhald til bygget framover og det blir eit signalbygg, seier Nikitins.

Bedrifta har per i dag sju tilsette, og førebur seg for vekst.

– Me har no fått godkjenning som lærlingbedrift og vonar folk vil søke seg til oss. Det er viktig å sørge for nok lærlingplassar. Me ser og for oss å auke antal tilsette med fagbrev, seier Boris Baukis.

Begge er frå Latvia og flytta til Noreg for tolv år sidan, utdanningane sine har dei tatt i Noreg. Gründerane meiner det er viktig med kompetanse og at fleire av dei tilsette både har norsk fagbrev som tømrar og meisterbrev. Dei ynskjer å tilby tenestene sine til alle typar prosjekt framover.  

– Både næringsbygg, einebustadar, hytter og tilbygg er aktuelt. Sjølv om me er stasjonert i Ølen, ynskjer me å ta oppdrag over heile Haugalandet.

Liten korona-effekt

Korona og dei aukande materialprisane har dei ikkje merka så mykje til så langt.

– I starten av Korona var marknaden uroleg, men etter eit par månadar gjekk aktiviteten kun til vers. At materialprisane har auka, har me ikkje merka så langt, då dei fleste oppdraga våre var ferdig planlagde og prosjekterte i forkant av pandemien. På dei mellomstore prosjekta våre, var kundane informert om prisstiginga og me klarte å levere mesteparten av materiala til dei gamle prisane. Dei ser lyst på framtida for bedrifta, og er klare på nøkkelen for å få tillit hjå kundane.

– Det er heilt avgjerande å levere kvalitet i alle ledd. Då får du eit godt rykte. Jungeltelegrafen er den beste marknadsføringa vår, seier Nikitins.  

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details