Skal lokka utflyttarar heimatt

Det er ikkje alle som er klar over mangfaldet i arbeidsmarknaden i Vindafjord, meiner Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. 4.februar startar han årets rekrutteringsturnè i dei største norske byane for å lokka utflyttarar til arbeid «hima».


Klar for rekrutteringsturnè: Asbjørn Moe i fikse Nærinsgutvikling tar med seg Vindafjord-bedrifter for å selja inn kommunen sin arbeidsmarknad til utflytta vindafjordingar.

- Målet vårt er å flytta på folk, og få den beste kompetansen til bedriftene våre i Vindafjord og Etne. Dei fleste utflyttarane kjenner til dei mange bedriftene heime, men dei er ikkje klar over mangfaldet av jobbar det er å velja i her. Det er mange som får seg ei a-ha-oppleving når dei får høyra om alle yrkesgrupper som finnest i bedriftene «hima», seier Moe. 

Sidan 2014 har Fikse Næringsutvikling saman med fleire Vindafjord-bedrifter vore med på «Møt Haugesundregionen» som blir arrangert i dei største norske byane, der utflytta innbyggjarar frå Haugalandskommunane er inviterte til å bli betre kjende med arbeidsmarknad og kulturliv i heimkommunen. 

 4.februar går startskotet med årets første turnè-stopp i Trondheim, der utflytta vindafjordingar skal bli endå betre kjent med arbeidsmarknaden heime. Saman med Fikse Næringsutvikling vil også Hatteland vera representerte frå Vindafjord. 

I ei kvar bedrift finnest det ei rekkje fagområde som treng meir kompetanse i åra som kjem, og det er ikkje berre ingeniørar og kontormedarbeidarar det er behov for, meiner Moe.

- Det er mange som lurer på å flytta heim att til Vindafjord og Etne, både studentar og folk som allereie er i arbeidsmarknaden i dei større byane. Dei fleste me møter på desse arrangementa er «midlertidige utflytta», difor er det viktig å gjera dei klar over at det finnest jobbar til dei heime, same kva fagbakgrunn dei har, seier Moe. 

 «Møt Haugesundregionen» arrangert i Frimurerlogen i Trondheim 4.februar. Deretter vil turnèen gå vidare til Stavanger i vår, deretter går turneen til Bergen i haust. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details