– Særs meiningsfullt å bidra

Sakarias Nesheim AS sitt vogntog var eitt av seks som køyrte i samla kolonne nedover. (Foto: Tor Edvin Aase)

Måndag 7. mars lasta dei to sjåførane til Sakarias Nesheim ei hjelpesending med vatn og køyrte nedover til den polske grensebyen Przemyśl. Turen var organisert av Ovesen transport, som hadde invitert andre transportfirma til å vere med på turen. Til saman seks vogntog frå ulike selskap reiste i samla følgje nedover. 

– Eg og kollegaen min Kim Rune Tollefsen såg på Facebook at dei skulle ned med hjelpesending og oppmoda fleire sjåførar om å vere med. Me kunne tenkje oss å ta dette som ein dugnad, og tok kontakt med Bjørn Ovesen og forhøyrte oss litt. Etterpå spurte me den daglege leiare vår Stig Arne om me kunne låne bil til å køyre ned hjelpesending. Han gav tommel opp og Sakarias Nesheim AS ville stå for dei resterande utgiftene, fortel Tor Edvin Aase.

Etter å ha lasta flaskevatn i Fyresdal, gjekk turen frå Oslo til Kiel og vidare gjennom Tyskland og Polen. Sjåførane som har mykje erfaring med køyring på kontinentet, merka at det var ei annleis stemning langs vegane. 

– Me køyrte i kolonne nedover med trailarane, og hadde banner foran på kvar bil. Bilane me møtte, folk og politi viste tommel opp og vinka. Me såg også militære styrker på veg i same retning som oss, og mykje fly og helikopter i lufta då me nærma oss grensa til Ukraina. Då me kom til Przemyśl, var det også mykje aktivitet frå politibilar og ambulansar, seier Aase.

Sjåførane Tor Edvind Aase og Kim Rune Tollefsen deltok på turen (Foto: Tor Edvin Aase)

Dei lossa varene i den polske byne Przemyśl som ligg kort veg frå den Ukrainske grensa. Her venta sterke inntrykk. 

– Å sjå på tv og å sjå situasjonen med eigne auger, er to forskjellige ting. Grunna kviletid på turen, måtte me vere der litt etter lossing før me køyrte nordover igjen. I byen var det kome på plass ein flyktningleir og det var stort sett kvinner og born der. Mange hjelpeorganisasjonar var til stades for å lage mat og hjelpe dei, men det var tydeleg at ukrainarane hadde tøffe opplevingar bak seg. Fleire stader stod det ungar og grein og skreik. Dei var trøytte og sletne, seier han. 

Tor Edvin Aase er ikkje i tvil om at dei ville ha gjort det igjen. 

– Dette var måten me kunne bidra og hjelpe på. Ein veit aldri når det kan skje oss. Sjølv om me lever i eit rikt land, kan ting skje. Det er særs meiningsfullt å bidra, og med ein arbeidsgjevar i ryggen som gav full støtte, var det kjekt å gjere det, avsluttar han. 

 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details