Rekrutterer montørar


Brødrene Midthaug har sin hovudbase i Molde og er i dag landets største produsent av trapper, rekkverk og ballongar. I 2019 kjøpte Molde-bedrifta opp Hamre AS i Etne, og Åsmund Hamre gjekk frå jobben som dagleg leiar i Hamre til å bli regionleiar for Brødrene Midthaug.

– Det har vore ei fin reise, me kom inn i eit større system, med fleire prosedyrar og nytt produksjonssystem. Brødrene Midthaug har vore svakt representert i Rogaland og gamle Hordaland, og oppkjøpet i Etne var eit bevisst grep for å styrke seg i regionen. No ser me at jobbane stadig blir fleire, og me treng nye medarbeidarar på montasje, fortel Hamre. Hamre viser også til at den tekniske utviklinga i bransjen er rivande, i dag kan bedrifta levere større produktspekter sidan dei gjennom oppkjøpet har fått tilgang på større maskinar, meir kunnskap og ingeniør-kompetanse. Seks personar har i dag arbeidsplassen sin ved avdelinga i Etne.

Veks i regionen

Bedrifta i Etne har lange tradisjonar, og starta alt på 1920-talet opp med produksjon av reiskap laga av smeden Hamre, blant anna den kjende Hamre-ljåen. Etter kvart har selskapet byrja å produsere trapper, rekkverk og ballkongar. Med i salet i 2019 var også produksjonsbedrifta Hamre Romania SRL som var lokalisert i Cluj Napoka i Romania. Direktør i Brødrene Midthaug, Karsten Midthaug, er godt nøgd med at overtakinga av Hamre AS var vellukka.

– Gjennom dette oppkjøpet har me lukkast med å etablere oss i eit område der me tidlegare har hatt ein relativt liten marknadsdel. Me ser no at resultatet av godt marknadsarbeid, gode løysingar og god prosjektgjennomføring skaper dei rette kunderelasjonane, seier Karsten Midthaug i ei pressemelding.

– Det er også viktig for oss å utvikle nye arbeidsplassar rundt våre regionskontor. Aktiviteten i SørVest aukar sterkt, og me ynskjer no å styrke organisasjonen ytterlegare.

God aktivitet

– Me har lukkast godt i marknaden det siste året. Ordrereserven veks, og seinast i sist veke vann me eit større fasadeprosjekt i Stavanger. Med utgangspunkt i vårt kontor i Etne har me ei god plassering for å bidra i heile marknaden i Rogaland og Vestland fylke. Aktiviteten i denne marknaden er høg, og ser så langt ut til å vere lite påverka av pandemien som rammar mange andre bransjar, fortel Hamre og viser til at kundemassen til avdelinga i Etne i stor grad er proff-kundar og store entreprenørar. Aktuelle prosjekt er store offentlege bygg, kulturhus, skular eller større bustadprosjekt.

– For å handtere den aukande ordremengda så rekrutterer me nå nye montørar. Innanfor vår bransje er det ikkje nokon eiga fagutdanning, men det er i hovudsak personar med relevant bakgrunn som blir tilsett i denne type stillingar hjå oss, seier Hamre. Brødrene Midthaug har totalt 115 tilsette i selskapet, i 2020 hadde bedrifta ei total omsetnad på 226 millionar kroner.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details