Open vaskehelg

6 og 7. mars arrangerer Steinsland Storlager i Sandeid open vaskehelg. Her får du tips om korleis du best vaskar bilen din, og kva produkt som trengs for å halde den rein vinterstid.


– Målet med helga er å vise fram vaskehallen vår og promotere ulike vaskeprodukt som gir gode resultat, fortel Janne Matre Stople.

Gusdal CarCare kjem til vaskehallen denne helga med både produkt og vasketips til dei som treng det. Til vanleg er ikkje hallen open for privatbilar, men derimot for store køyretøy som lastebilar, bussar, traktorar og bubilar.

– Difor ynskjer me å legge til rette for at også privatpersonar skal få kome innom, då er helgene ei god tid for det, slår Matre Stople fast og viser til at det er viktig å få vekk vegsaltet som heng fast på bilen, og vere flink med underspyling for å unngå rustskadar som resultat av for mykje salt.

– Dei fleste vaskar nok bilane sine litt for sjeldan på denne tida, og brukar gjerne produkt som ikkje er heilt optimale. Det er mange ulike produkt på marknaden, men det er viktig å bruke korrekt produkt med god kvalitet til kvar enkelt sine behov, fortel ho.

Etter opninga har responsen på vaskehallen vore god, her vil yrkessjåførane etter kvart kunne ta døgnkvilen sin med tilgang på kjøkken og garderobe med dusj. Målet er å fungere både som ein velutstyrt servicehall for dei som har arbeidet sitt på vegen, samstundes som det og blir ein sosial møtestad. Utover planlegg eigarane også fleire opne helger for privatpersonar.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details