Blir salssjef i Circle K Rogaland


– Det er 17 stasjonar med full betjening og 10 automatstasjonar. Den lengst sør ligg i Egersund, og Stord lengst nord, forklarar Anita.

Ho ser på dette som ein god moglegheit til å læra mykje, og bruka den kunnskapen ho har sjølv frå bransjen. Stillinga inneberer å blant anna vera motivator, rettleiar, teambyggar, leiar og ei forlengande hand frå selskap til stasjon. Ho fortel at det blir nok mykje reising, og at ho gjerne må ta nokon netter på sørsida.

Oppvekst på bensinstasjonen

Då Anita skulle starte utdanningsløpet, etter vidaregåande var ho sikker på at ho aldri skulle tilbake til bensinstasjonen i Ølensvåg. Det var ho gått lei av etter å ha brukt store delar av sin oppvekst der, som yngste dotter av dåverande eigarar Ole Martin og Gunnbjørg Berge. 

– Eg hugsar godt fredagane då eg gjekk på ungdomsskulen. Då kom det varer til bensinstasjonen og dei måtte eg vera med på å pakka ut før eg fekk gå på bussen som gjekk klokka seks til Ølen om kvelden.

Etter halvanna år på sjukepleiestudie på Stord, fann ho ut at dette ikkje var vegen å gå for ho.

– Eg svimar av når eg ser blod, så det var ingen god kombinasjon, fortel Anita og ler.

Heim til nye moglegheiter

Ho flytta heim att for å finne ut kva ho ville, imens jobba ho på bensinstasjonen i Ølensvåg. Etter kvart fekk ho meir om meir ansvar, og enda til slutt opp som dagleg leiar.

– Eg har verkeleg funne det eg ynskjer å jobbe med. Arbeidskvardagen er utruleg variert, og å sjå noko ein legg hardt arbeid i over lang tid og jobbar målretta med bli ein suksess, er fantastisk. Eg er og veldig glad i å yte god kundeservice, så når tilbakemeldingane er gode, blir eg enda meir motivert.

Etter lang tid i Ølensvåg, utvidar Anita horisonten og skal nå ha ansvar for alle energistasjonane i Rogaland, som Sales Market Manager i Circle K Norge AS avdeling RSO Nord/Vest og Automat.  

– Det blir mykje stasjonsbesøk, så reising blir nok ein stor del av den nye kvardagen min. Men eg ser fram til det og gler meg til å møta nye menneske og utfordringar.

Talentprogram

For tre år sidan var Anita ferdig med eit talentprogram Circle K har for nokon utvalde internt i bransjen. Her blei ho kåra til Årets Talent. Å ha dette programmet i botn trur Anita har vore positivt då ho søkte på den nye stillinga.

– Der er jo litt det dei ynskjer med dette programmet, det å kunne vekse i selskapet.

Anita legg bak seg fleire gode år i Ølensvåg, med blant anna nyrenovert butikk, lansering av meksikansk mat, og den mestseljande Circle K stasjonen for Peppes Pizza i landet.

Circle k Ølensvåg blir nå likestilt med resten av stasjonen i Rogaland for Anita. Der det vil bli stilt høge krav og høge målsetningar for å oppnå best mogleg drift og for å vere første valet for kunden.

 – Det blir litt rart og vemodig å sleppe Ølensvåg, det er her eg har vakse opp og nådd mykje av mine målsetningar. Men nå gleder eg meg masse til ny kvardag, mykje ny lærdom, nye utfordringar og hårete mål for framtida.


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details