I ein krevjande jobb, med til tider døgnkontinuerlege arbeidsdagar og liten økonomisk gevinst, kan ein fort gløyma den viktige rolla ein har som gardbrukar, meiner Lundal.
- Då me starta var det ei positiv økonomisk utvikling i landbruket, men me har sjølvsagt kjent på utfordringar som mange andre dei siste åra. Likevel er det avgjerande å alltid ha med seg dei grunnleggjande verdiane i det å vera bonde; me er med på å oppretthalda bygde-Noreg, kulturlandskapet og den gode mattryggleiken. Me bidrar til at Noreg framleis er på verdstoppen i produksjonen av trygg mat, med lite bruk av antibiotika og plantevernmidlar. Det er ein naiv og altfor enkel tankegang å tenkja at me «berre» kan importera frå utlandet. Norske bønder utgjer ei føregangsnæring for trygg mat, seier Lundal.
Slakterisjefar og langrennnstopp på scenen
40-åringen sa opp jobben i rusomsorga i Sandnes, og satsa på ny livsstil med kjøp av garden i Skjold i 2010. Ektemannen Johannes Lundal arbeider i anleggbransjen, og det er Hanne som har stått for drifta heime med 220 vinterfora sau.
- Me var naturlegvis klar over at det kom til å bli eit hektisk liv og mykje hardt arbeid. Men me ville ha ein annan kvardag enn me hadde i bustadfelt i Sandnes. For meg var det viktig å med ein jobb der eg samstundes kunne vera tilstades heime for borna. Me ønska å gje dei ei anna oppvekst, og ikkje at dei skulle bli «asfaltbarn», slik som meg, seier Lundal.
Måndag kveld er ho ein av headlinarane når Haugesund Sparebank i samarbeid med Nortura og Fatland inviterer til stormøte om framtida i landbruket. Konsernsjef i Fatland, Terje Wester, regionsjef i Nortura Einar Risnes står også på programmet.
Gardbrukar Erling Jevne, gjerne mest kjent som ein av Noregs beste idrettsutøvarar gjennom mange år og som den ukåra «Birkebeiner-kongen», er sistemann ut med føredraget «Motivasjon i medgang og motgang». Og det er motivasjon som er nøkkelordet for møtet, seier banksjef og initiativtakar Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank.
- Store ringverknadar
Ope fagmøte: Muligheter i landbruket
- Måndag 21. januar, kl. 19.00
- Innleiarar:
- Terje Wester, konsernsjef i Fatland AS
- Einar Risnes, regionsjef Vest, Nortura SA
- Hanne Lundal, gardbrukar med sauehald
- Erling Jevne, bonde frå Øyer, med foredraget «Motivasjon i medgang og motgang».
- Møteleiar er Tor Øyvind Skeiseid.
- Matservering og spørsmål frå salen.
- Vertskap: Haugesund Sparebank, Nortura og Fatland.
- Me ønska rett å slett å bidra med litt optimisme til lokale bønder, seier Larsen. Det har alltid vore, og er framleis, ei aktiv landbruksnæring i Vindafjord, men både nåverande og kommande gardbrukarar treng å høyra at det er ei framtid verdt å satsa på, meiner han.
- Samtidig som det er stor investeringsvilje i det lokale landbruket, og mange flinke bønder som ønskjer å satsa, er det ikkje å leggja skjul på at dei siste åra har vore utfordrande; Mange har slite med dårlege fôrår, me har hatt overproduksjon av både sau og gris, og økonomien har vore krevjande. Men me har trua på landbruket både her i kommunen og i heile landet, og me må setja søkelyset på alle fordelar og moglegheiter ved ei framtid i næringa, seier Larsen.
Som ein av dei største husdyrkommunane kan ein aldri fokusera nok på alle dei samfunnsmessige ringverknadane ved eit aktivt landbruk, meiner han.
- Landbruket er ein betydeleg arbeidsplass i kommunen vår, som også legg grunnlaget for andre store næringslivsaktørar, som til dømes slakteria våre, Felleskjøpet, og også for bankane, seier Larsen.