Møter eit aukande behov

Det er stadig utvikling i Steinsland Næringspark. Hos Kaldheim Bildeler og Suldal Billakkering har dei satsa på å utvide kapasiteten.


Hos Kaldheim Bildeler har det lenge vore ei trong for meir plass. Dei har auka arealet sitt med 3500 kvadratmeter. 8000 kvadratmeter hadde dei frå før av.

- Dette blir ein gevinst for kunden. Før hadde me plass til rundt 250 bilar, no har vi plass til underkant av 400, fortel dagleg leiar hos Kaldheims Bildeler, Leif Magne Larsen.

Den nye plassen skal brukast som sjølvplukkområde. Det fungerer slik at bildelar som kan nyttast vert plukka til side og lagra for sal. Også privatpersonar kan stikke innom bedrifta for sjølvplukk dersom ein ønsker. Dersom det er ein del ein treng til bilen sin kan ein sjølv skru.

- Når me har bilar som er for gode til å presse, set me dei på det nye området, då er det moglegheit for kundar å komme og demontere delar av bilene sjølv, og gjer ein god handel. Då stiller ein heilt sjølv. Ein tar med eige verktøy og skrur utan oss, men dersom det er behov så hjelper me sjølvsagt til, seier Larsen.

Campingvogner

Nytt frå i fjor er at Kaldheim Bildeler no har vrakpant på campingvogner. Det har dei ikkje teke i mot før grunna for liten plass, men no med dei nye kvadratmeterane fant dei plass.

- Me har omtrent 15 campingvogner no og syns det er fint å få plass til dei også. Når dei er inne sanerer me dei, og fraktar dei bort for videre gjenvinning. Me merka spesielt etter festivalsesongen at det var behov for vrakpant på campingvogner også, seier Leif Magne.

(Saka fortset under bildet)

Betre plass til sjølvplukkområde. Her står både delbilar og campingvogner lagra. Foto: Kristian Risanger.

Dei vart ferdige med det nye området rundt påsketider i år, og kostnaden låg på rundt 1.5 millionar kroner. Kaldheim Bildeler leiger området av Kaldheim Invest. 

Bedrifta starta då vrakpantordninga begynte i 1977-78. Då fekk dei konsesjon på å ta imot vrakpant i distriktet. I 1982-83 bygde dei bygget i Sandeid og byrja å demontere deler for sal. I dag er dei sju tilsette og har ein kundemasse frå heile landet.

- Me sender rundt 4000 pakkar med deler i året. Rundt 70 prosent av vår omsetnad kjem av pakkar som blir sende. Mange av delane me sel kjem frå nyare bilar som me kjøper av forsikringsselskapa. Me kjøper rundt 250 kondemnerte bilar i året , avsluttar Larsen.

Kaldheims Bildeler har ei omsetnad på rundt 11.5 millionar årleg. Vrakpanta for både bilar og campingvogner ligg på 3000 kroner. 

Frå 1. januar 2020 er det krav at alle bilmonteringsbedrifter som skriv ut vrakpant skal vere sertifiserte. Det er eit krav frå Autoretur som administrerer vrakpantordninga. Kaldheims Bildeler vart sertifisert i 2018.

Doblar arealet

Det er ikkje berre hos Kalheims Bildeler det skjer ting. Suldal Billakkering er godt i gang med si utviding. Dei byggjer ut med rundt 600 kvadratmeter, som er omtrent ei dobling av arealet.

- Me utvidar tre ting eigentleg. Me utvidar sandblåser- og metalliseringshallen som blir brukt til lastebilrammer som blir bygd hos MCE i Etne. Me merka at me hadde for liten plass. Til no har alt vore i ein hall, men det er ikkje bra i lengda. No som vi får dobla arealet og får delt opp hallane vil det bli mykje betre, fortel eigar Ole Sigve Leifsen.

- Me lagar og ein heilt ny karosseriverkstad for å kunne tilfredsstille dagens krav, i tillegg til å vere konkurransedyktig i dagens marknad. Det vil og bli eit nytt lager og dekkhotell, legg medeigar Svein Bjarte Holten til.

Det vil ikkje komma nokon nye element inn, men dei satsar på å bli meir effektive. Med det nye påbygget vil dei sleppe å flytta på ein bil 5-6 gonger før den skal køyrast ut igjen. Til arbeidet har Suldal Billakkering brukt lokale selskap.

Suldal Billakkering håpar å vere ferdig med utbyggjinga innan våren 2020. Foto: Kristian Risanger.

- Det er veldig viktig for oss å bruke lokale leverandørar, fortel Leifsen.

Suldal Billakkering blei starta i Suldal i 1983 av Ole Sigve Leifsen og Svein Bjarte Holten, begge frå Vikedal. I 1997 flytta dei bedrifta til Steinsland i Sandeid. Dei fortel at det har gått betre og betre med åra og at omsetnaden har auka jamt. I 2018 hadde dei ein omsetnad på rundt 17-18 millionar. I dag har dei ti tilsette der sju av dei er i Sandeid medan dei har tre som held til på Ølen Auto, som ligg i Ølen sentrum. Dei håpar på at utvidinga skal vere ferdig i løpet av våren 2020. 

Etterspurnaden etter lakkering, sandblåsing og metallisering er aukande og når utbygginga er ferdig vil dei skilja karosserireparasjonar og lakkering i ulike delar av bygget. Dei har kundar frå store deler av distriktet, blant anna; Suldal, Sauda, Vindafjord, Etne, Odda og delar av Tysvær.

- Ein av dei største kundane me har er MCE som held til i Etne. Det er veldig gledeleg og me får mange oppdrag av dei. På personbil er det forsikringselskapa som er dei store kundane, avsluttar Holten.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details